Faktaboks

Anne Hytta
Fødd
14. september 1974, Sauland
Anne Hytta
Anne Hytta på Landskappleiken i Seljord i 2011, der ho blei nr 2 i hardingfele klasse A.
Anne Hytta

Anne Hytta er ein norsk folkemusikar, hardingfelespelar og komponist frå Sauland, busett i Oslo. Hytta meistrar det tradisjonelle samtidig som ho er nyskapande både i innafor folkemusikk og samtidsmusikk.

Ho har musikkutdanninga si frå Folkemusikkstudiet i Rauland og Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss. I tillegg har ho utdanning i komposisjon frå Norges Musikkhøgskole i Oslo. Viktige læremeistrar og inspiratorar på hardingfele har vore Einar Løndal, Anne Svånaug Haugan og Knut Buen. Hytta har òg journalistutdanning, og som journalist har ho mellom anna vore redaktør av «Årbok for folkemusikk».

Parallelt med karrieren som soloutøvar starta Hytta opp i ung alder med ensemblespel i gruppene Aurora Borealis og Kalenda Maya. Som soloartist på hardingfele debuterte ho med CD-en Dag, kveld, natt i 2006; denne utgjevinga fekk ho Folkelarmprisen for.

I 2004 framførte ho bestillingsverket Fra Andalusia til Telemark – langs refrengets reiserute på Telemarkfestivalen. Her hadde ho med seg gruppa Slagr, ein trio som Hytta hadde starta i 2003. Slagr debuterte på plate i 2007 med Solaris. I 2008 stod Slagr for årets bestillingsverk på Osafestivalen: straum, stille, eit verk som kom på CD i 2011 på eit tysk plateselskap. I 2012 deltok Slagr på CD-en Softspeaker av og med den norske pianisten Andreas Ulvo. Trioen samarbeidde vidare med folkesongaren Camilla Granlien på CD-en Songs by Geirr Tveitt (2013). I 2015 kom Short Stories, ein CD som Slagr fekk Spellemannprisen for i open klasse. Slagr er Hytta sitt hovudprosjekt ved sida av solokarrieren.

I gruppa SYM samarbeider Hytta med engelske Clare Salaman og franske Eleónore Billy. Gruppa blei stifta i 2007 og har instrument med understrenger som tema: hardingfele, nyckelharpe og dreielire. SYM sin debut-CD kom i 2008: Symbiosis. I trioen «Dei beste damene» spelar Hytta i lag med to andre hardingfelespelarar, Synnøve S. Bjørset og Åse Teigland. Dette er eit prosjekt der solospelet står i sentrum og gruppa har turnert ein heil del. Dei gav ut CD-en Soli i 2010.

Hytta er ein musikar og komponist som jobbar på tvers av både musikalske og geografiske grenser, og ho har samarbeidd med musikarar frå mange land, noko som blant anna har ført til plateprosjekta Tokso (2010) og Padik: Music from Baluchistan (2013).

I seinare tid har Hytta samarbeidd med kunstnarar frå andre kunstnariske uttrykk, slike som forfattaren Hans Herbjørnsrud og lyskunstnaren Ingeborg Staxrud Olerud. Hytta har over ein lengre periode komponert og framført musikk for solo hardingfele, og i januar 2014 kom hennar fyrste solo-CD med berre eigne komposisjonar: Draumsyn. Her trakterer ho òg instrumenta viola d'amore og vielle – eit strykeinstrument frå mellomalderen.

I 2017 gav Hytta ut både soloplata Strimur, ei plate ho fekk Spellemannprisen for i klassa for folkemusikk, og plata Songesong i lag med kvedaren Øyonn Groven Myhren.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg