Tore Elias Hoel

Faktaboks

Tore Elias Hoel
Født
14. desember 1953, Harstad
Av .

Artikkelstart

Tore Elias Hoel er ein norsk forfattar som er særleg kjend for ungdomsromanane sine. Han debuterte med diktsamlinga Å fange en hval i 1979 og fekk Blix-prisen for boka Glaskula (2003).

Bakgrunn

Han er cand.philol. frå Universitetet i Tromsø i 1982 med faga nordisk hovudfag, historie mellomfag og massekommunikasjon grunnfag. Han har tidlegare undervist ved vidaregåande skular, universitet og høgskular, sist som norsklektor ved Bodø videregående skole frå 2006.

I 2009–2011 var han medlem av nemnda som førebudde rettskrivingsreforma av 2012 for nynorsk.

Forfattarskap

Hoel debuterte med diktsamlinga Å fange en hval i 1979. To år etter kom diktsamlinga Presidentens ro. Han har sjølv omtalt dikta sine som politisk lyrikk skrive på ein ekspresjonistisk måte. Dikta hans er dessutan meta-lyriske og handlar om språk og dikting.

I 1988 gav Hoel ut ungdomsboka Verdsmeisteren. Sidan følgde ei rekkje ungdomsromanar med ulike emne, frå korsong i Nairobi til streik i Gdansk og alkoholisme i Noreg. Handlinga i romanane skjer innanfor kort tid, oftast eit døgn, og dei tek utgangspunkt i ei kaoskjensle, der også sorg og sakn står sentralt. Hoel tek opp vanskelege tema på ein var måte, og han skriv ein lettforståeleg nynorsk som er farga av den nordnorske dialekten hans. For dette fekk han Blix-prisen i 2003, då Glaskula kom ut. Denne boka handlar om Stine, som er i ferd med å verte psykotisk etter å ha mist systera, men finn henne att i ei klinkekule.

I 2005 skreiv Hoel librettoen til Jomfru Rosenving på Santavajasø, ein opera for barn, basert på eit eventyr av Regine Normann og med musikk av Sigmund Lillebjerka, som vart oppført i Bodø og Mo i Rana.

Utgivingar

  • To gutar til Paris. Albert og jakta på fattern (ungdomsbok, Samlaget, 2007)
  • Vinterfilm (ungdomsbok, Samlaget, 2005)
  • To gutar til Paris (ungdom) (Dramatikk, 2005)
  • Glaskula (ungdomsbok, Samlaget, 2003)
  • Fire dagar i Nairobi (ungdomsbok, Samlaget, 1999)
  • Eg heiter Pawel (ungdomsbok, Samlaget, 1991)
  • Verdsmeisteren (ungdomsbok, Samlaget, 1988)
  • Presidentens ro (lyrikk, Gyldendal, 1981)
  • Å fange en hval (lyrikk, Gyldendal, 1979)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg