Regine Normann

Faktaboks

Regine Normann
Serine Regine «Sina» Normann
Født
29. juli 1867, Bø, Nordland
Død
14. august 1939, Steinsland i Skånland, Troms

Regine Normann med nokre av dei første elevane sine i Bø i Vesterålen. Bilde frå Norsk biografisk leksikon

Regine Normann
Av /NTB Scanpix ※.

Regine Normann. Fotografi frå 1927.

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Regine Normann var ein norsk lærar, forfattar og eventyrforteljar. Ho var den første kvinna med nordnorsk bakgrunn som vann anerkjenning i den nasjonale litteraturen.

Regine Normann var fødd i Bø i Vesterålen. I 1894 drog ho til Oslo, tok lærareksamen i 1897 og praktiserte deretter som folkeskulelærar i byen til ho gjekk av med pensjon. Parallelt med lærargjerninga skreiv ho bøker. I debutromanen Krabvaag, frå 1905, er handlinga lagd til attkjennelege stader på nordlandskysten. Kritikarane var begeistra, og boka vart omtalt i eit 50-tals aviser. I 1925 vart ho omsett til tysk.

Normann skreiv til saman 18 bøker, dei fleste med nordlandsk motivbakgrunn, formidla på riksmål, men med hyppige innslag av vesterålsk talemål. I byrjinga av forfattarskapen teiknar ho eit mørkt bilete av landskap og levekår, noko som braut med den idylliserande måten å skildre landsdelen på. Rundt 1920 blei den sosialrealistiske stilen erstatta med eventyr og tradisjonsstoff.

Ho brukte sin eigen oppvekst som stoff og underlag i dei første Nordlands-romanane sine, Krabvaag (1905) og Stængt (1908). Handlingen i dei fleste av dei seinare bøker er også lagd til Nordland, blant annet dei historiske skildringane Dengang (1912), Eiler Hundevart (1913), Riket som kommer (1915), Berit Ursin (1917) og Havørnens nabo (1921). Miljøet ho blei kjend med gjennom arbeidet i skulen er brukt i romanane Barnets tjenere (1910) og Faafengt (1911), og barneboka Min hvite gut (1922) viser ei djup forståing for barnesinnet. Oppveksten hadde gitt henne førstehands kjennskap til nordnorske forteljingar, og ho brukte den munnlege overleveringa som utgangspunkt for å dikte vidare. Eventyr (1925) og Nye Eventyr (1926) stadfesta Normann sitt ry som ein eminent forteljar og er omsett til fleire språk. Nordlandsnatt kom i 1927, Det gråner mot høst i 1930 og Usynlig selskap i 1934. I 1967 vart eventyra gitt ut samla under tittelen Ringelihorn.

Normann var i 19 år styremedlem i Den norske forfattarforeining og i 21 år medlem av ein offentleg komité som arbeidde for skuleboksamlingar.

Ho vart heidra med Pegasus-ordenen av Forfattarforeininga i 1928, Petter Dass-medaljen i 1932 og Kongens fortenestemedalje i gull i 1937.

I det andre ekteskapet sitt var ho gift med forfattaren Tryggve Andersen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Jensen, Hans Henrik & Liv Helene Willumsen: Regine Normann : en bibliografi, 1995, isbn 82-91378-03-7, Finn boken
  • Willumsen, Liv Helene: Havmannens datter : Regine Normann – et livsløp, 1997, isbn 82-03-22205-6, Finn boken
  • Willumsen, Liv Helene: Regine Normanns forfatterskap : fortellemåte og tematikk, 2005, isbn 82-7477-193-1, Finn boken

Kommentarer (1)

skrev Svein Sjøberg

"Han var den første kvinnelige nord-norske forfatteren som slo igjennom i norsk litterær offentlighet." (feiltrykk! skal være "hun", ikke "han")

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg