Faktaboks

Susanne Lundeng

Susanne Merethe Lundeng

Fødd
18. august 1969, Bergen
Susanne Lundeng
Susanne Lundeng
Av .
Susanne Lundeng
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Susanne Lundeng er ein felespelar og komponist, og rekna som ein av Noregs fremste nolevande folkemusikarar. Heilt sidan ungdomsåra har ho vigd sitt musikalske liv til å samla og fremja særleg feletradisjonen frå Nordland, og har i nyare tid sett nordnorsk folkemusikk på kartet framfor nokon.

Oppvekst og læretid

Lundeng voks opp i Bodø, og byrja tidleg i musikkskulen med Arvid Engegård som hennar fyrste lærar. I tillegg til å vera med i klassisk ungdomsorkester i heimbyen, vart ho tidleg aktiv i bondeungdomslaget (BUL) i Bodø kor hennar læretid i tradisjonelt spel og folkedans fyrst byrja. Der møtte ho lokale spelemenn, og fekk reisa på spelemannskurs kring Nordland der særleg Dag Vårdal vart hennar fyrste rettleiar. Lundeng har parallelt også gått i lære hjå klassiske fiolinistar som til dømes Ørnulf Boye Hansen, men har ikkje tatt høgare formell musikkutdanning.

Feletradisjonen frå Nordland var ikkje blitt samla og forska på i lik grad som mykje av felemusikken frå Sør-Noreg då Lundeng fyrst byrja å spela. Det førte til ein umetteleg trong for Lundeng om å samla kunnskap om kva som var det særmerkte for tradisjonsmusikken og folkedansen frå hennar heimefylke. Såleis har ho gjort ei pionerarbeid i sitt fagfelt, og er i dag rekna som ein av dei fremste kunnskapskjelder om Nord-Norsk felespel og folkedans, og då særleg områda Salten og Lofoten.

Som utøvar

Lundeng sitt talent, framifrå spel og ekspressive sceniske nærvær vekte åtgaum i folkemusikkmiljøet, og elles i Noreg utover 1990-talet. Ho har heile livet livnært seg av musikken, og har sidan ho var ung turnert som solist, og seinare også som Susanne Lundeng band og Susanne Lundeng Trio, i omfattande grad kring heile Noreg og internasjonalt, i land som England, Tyskland og Korea, der ho i sistnemnde har gjort særleg suksess.

Ho deltok på Landskappleiken i i 1988 og vann B-klassa, og vart dimed den fyrste nordlendingen som spelte seg opp i A-klassa (den gjævaste klassa for spel) i kappleiksamanheng.

Samarbeid

Hennar utøvande verksemd har vore omfangsrik og mangslungen, og har såleis ført til samarbeid med ei rekkje musikarar frå ulike sjangrar som Bjørn Andor Drage, Engegårdkvartetten, Sinikka Langeland, Frode Fjellheim, MIN-ensemblet, Bodø Sinfonietta, Forsvarets Musikkorps, Cantus, Ylajali, Arvid Engegård, Knut Erik Sundquist, Gjertruds Sigøynerorkester, Chris Stout, Bugge Wesseltoftog Håvard Lund, med fleire. Hennar siste prosjekt er Susanne Lundeng Trio med jazzgitarist Nils-Olav Johansen og trommeslager Erik Nylander.

Lundeng har også vore solist med symfoniorkestrer og kammerensembler, der ho mellom anna i 2009 fekk det spesialskrivne verket Imella av Rolf Wallin for fele og sinfonietta, og som fekk Spellemannprisen i 2011.

Føregangskvinne

Til liks med Annbjørg Lien har Lundeng blitt sett på som ei viktige føregangskvinne innan folkemusikken. Båe vart førebilete for ein yngre generasjon felespelarar, både i kraft av sine særmerkte spelgåver, men også gjennom hyppig media-eksponering utover 1990- og tideleg 2000-talet, då kvinnelege felespelarar framleis vart rekna som noko «nytt». Båe har også vore føregangsmusikarar når det gjaldt sjangerkrysningar og samspel innan folkemusikken, og har gjort at ei langt breiare publikum i Noreg opplevde folkemusikk for fyrste gong.

Som komponist

Lundeng byrja tidleg å komponera ny folkemusikk basert på tradisjonsmusikken frå Nordland, og har over åra utvikla sitt eige unike uttrykk som kombinerer stilelement frå både nord-norsk tradisjonsmusikk, samtidsmusikk og jazz. Då ho byrja med dette var det framleis rekna som banebrytande å kombinera tradisjonell og nylaga folkemusikk med andre instrument og sjangerblandingar.

I år 2000 kom hennar fyrste album med berre eigenkomponert materiale, der det melodiske materialet då, og på tidlegare og seinare album, oftast er arrangert i samarbeid med andre musikarar. Gjennom åra har ho arbeidd meir med fullstendige verk som komponist, og skreiv i 2014 mellom anna ny musikk for fele og den internasjonalt anerkjende Engegård-kvartetten til solo-albumet Et steg ut. For dette albumet fekk ho Folkelarmprisen i åpen klasse i 2014.

Til albumet Det var nære på, debuterte ho også som tekstforfattar, og vart tildelt Nopas Tekstpris i 2018 for sitt arbeid, ein av mange prisar tildelt Susanne Lundeng.

Innspelingar

Soloalbum

  • 1991: Havella
  • 1994: Drag
  • 1997: Ættesyn
  • 2000: Vals Til Den Røde Fela
  • 2004: Forunderlig Ferd
  • 2006: Nattevåk
  • 2011: Mot
  • 2014: Et steg ut
  • 2015: 111 Nordlandsslåtter – Hilsen Susanne Lundeng
  • 2018: Det va nære på
  • 2019: Kimer I klokker
  • 2020: Hold dæ på vingan

Samarbeidsalbum

  • 1994: Sweet Sunny North:
  • 1996: Sweet Sunny North, Vol. 2
  • 1996: Norske Turdansar II, frå Agder og Nord-Norge
  • 2004: Aejlies Gaaltije (Vuelie)
  • 2011: Wire and String
  • 2013: Flåte

Notehefte

  • Slåttebok (2012), Norsk Musikkforlag, med tradisjonelle og egne slåtter

Prisar og utmerkingar (i utval)

  • 1992: Hilmar Alexandersens Musikkpris
  • 1992: Nordland fylkes kulturpris
  • 1997: Norsk Folkemusikkfonds Folkemusikkpris for 1996
  • 2000: Gammleng-prisen i åpen klasse
  • 2004: Den europeiske folkekunstprisen, ved Alfred Töpfer Stiftung
  • 2005: Nordlysprisen
  • 2013: Rff-prisen, Rådet for folkemusikk og folkedans
  • 2016 Spellemannprisen, folkemusikk, for albumet 111 Nordlandsslåtter -hilsen Susanne Lundeng
  • 2020: Bodø kommunes kulturpris

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg