Vatne (tidlegare kommune)

Artikkelstart

Vatne var ein kommune i Møre og Romsdal, som eksisterte frå 1902 til 1964. I dag er området delt mellom Molde og Ålesund kommunar.

Vatne vart oppretta i 1902 ved deling av Skodje i to like folkerike delar (1551 og 1547 innbyggarar). Kommunen omfatta landet mellom Midfjorden med dei sørgåande armane Samfjorden og Vatnefjorden i nord og Grytafjorden i sør, til liks med øyene Dryna og (vestre delen av) Midøya.

Øyene vart i 1965 ein del av den nye Midsund kommune (frå 2020 Molde), samtidig som resten av kommunen vart lagt til Haram kommune (frå 2020 Ålesund).

Vatne målte 139 km2 ved delinga. 2260 innbyggarar vart lagt til Haram kommune, mens 334 øybuarar vart lagt til Midsund kommune.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg