Rosa Luxemburg

Faktaboks

Rosa Luxemburg

Rozalia Luksenburg

Født
5. mars 1871, Zamość, Det russiske imperiet (nå Polen)
Død
15. januar 1919, Berlin, Weimarrepublikken (nå Tyskland)
Av /NTB scanpix.
Rosa Luxemburg (stående til høyre) taler på et møte i Jena i 1905.
Av /NTB scanpix.

Rosa Luxemburg

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Rosa Luxemburg var ein polsk-tysk leiarfigur på venstresida i den europeiske arbeidarrørsla på byrjinga av 1900-talet. Ho hevda at sosialisme og demokrati er same sak. Ho var med å grunnleggje Spartakusforbundet (spartakistane), den revolusjonære delen av Tysklands sosialdemokratiske parti. Spartakistene ville føre klassekamp mot det kapitalistiske samfunnet med sikte på ein sosialistisk revolusjon bygd på proletariatets diktatur. Luxemburg vart drepen av politiske motstandarar då ho leidde eit opprør i 1919.

Luxemburg gjekk gymnas i Warszawa og tok doktorgraden i statsvitskap ved universitetet i Zürich i 1897. Ho vart ein av dei fremste politiske teoretikarane i si tid, med analysar av kapitalisme, imperialisme og revolusjonær strategi.

For Luxemburg var det udiskutabelt at sosialismen må vere demokratisk. Ho meinte at dersom arbeidarklassa sluttar å ha noko å seie når den nye samfunnsordninga skal skapast, vert alt ved det gamle. Då er det berre dei styrande elitane som vert skifta ut. Ho var blant dei første til å kritisere dei russiske revolusjonære for å slå inn på ein antidemokratisk veg. Eit anna prinsipp ho arbeidde for, er at revolusjonen må vere internasjonal, for opprøret er retta mot den kapitalistiske utbyttinga, som i sitt vesen er grenselaus. Difor åtvara ho mot nasjonalistiske straumdrag i både det polske og det tyske arbeidarpartiet.

Frå 1898 budde ho i Berlin. I SPD, det sosialdemokratiske partiet i Tyskland, markerte ho seg som den tydelegaste stemma på venstrefløya og kjempa mot tysk militæropprusting. Då sosialdemokratane sa ja til tysk deltaking i verdskrigen i 1914, melde ho seg ut av partiet. Saman med andre venstresosialistar danna ho det radikale Spartakusforbundet i 1916 og det tyske kommunistpartiet i 1918.

Etter krigsnederlaget i 1918 braut det ut revolusjonære oppstandar i mange tyske byar. I Berlin agiterte Luxemburg for streikar og demonstrasjonar, og i nokre veker var Berlin under kontroll av revolusjonære arbeidarar. Dei vart møtte med væpna motstand, med uklar binding til SPD og styresmaktene. Luxemburg vart jaga og forfølgd, og 15. januar 1919 vart ho drepen på open gate av politiske motstandarar.

Marxist frå tidleg ungdom

Luxemburg voks opp i ein jødisk familie i den russiske delen av Polen. Då ho byrja på gymnaset som 13-åring, kom ho med i ei marxistisk undergrunnsgruppe som ville styrte tsarveldet, men truslane frå politiet tvinga henne til å forlate Warszawa i 1888 og røme til Zürich i 1889. Der hadde kvinner lov til å studere ved universitetet. Luxemburg kasta seg over naturvitskap, skifta til økonomi og tok doktorgraden i statsvitskap i 1897 med ei avhandling om den økonomiske utviklinga i Polen.

I det liberale Zürich møtte ho politiske emigrantar frå mange land, særleg Polen og Russland. I 1893 var ho med på å starte ei eksilavis som diskuterte det polske arbeidarpartiet sine vegval. Ho kritiserte partiet for å samarbeide med borgarskapet og kjempe for polsk sjølvstende. Polske arbeidarar ville ikkje kome betre ut av det om det russiske maktapparatet vart bytt mot eit polsk, hevda ho. Det avgjerande var å avskaffe kapitalismen, og i den kampen måtte arbeidarane alliere seg med arbeidarar i andre land. Å nøye seg med ein underordna status i eit borgarleg demokrati var ei fatal avsporing.

Luxemburg stod fast på at klassekampen må vere internasjonal, og at frigjeringskampar, til liks med kvinnesak og allmenn røysterett, må innarbeidast i den sosialistiske kampen. Statsgrenser er uinteressante, for undertykte kvinner og menn er medlemer av éin stor nasjon, proletariatets nasjon. Desse standpunkta gjorde henne kjend og omstridd i arbeidarrørsla over heile Europa.

Revolusjon er aktivisme, sosialisme er demokrati

Revolusjonen i Russland i 1905 var ei skilsetjande hending for Luxemburg. Protestane var eit spontant opprør, utan fast leiing og klare mål. Ho drog sjølv til det russiskokkuperte Warszawa for å ta del i opprøret. Sidan ho var ein kjend revolusjonær, reiste ho under falskt namn, men vart attkjend etter kort tid, fengsla og dømd til døden. Mot høg kausjon slapp ho fri.

I Massestreik, parti og fagforeiningar (1906) drøftar ho erfaringane frå 1905-revolusjoen og konkluderer med at streikar er det mest effektive middelet i den revolusjonære kampen. Organisering av prosessen kan ikkje følgje ferdige oppskrifter eller partidiktat, men må oppstå nedanfrå, etter behov.

I tysk fengsel i 1918 forfatta ho Den russiske revolusjonen. Der gratulerer ho Lenin med sigeren, men åtvarar mot tendensane til sentralisme og partidiktatur. Det er arbeidarklassa, ikkje avantgarden, som skal skape det kommunistiske samfunnet. Demokratiet kan ikkje setjast på vent, heile folket må ta del og alle meiningar telje med. Ho minner om at sosialisme er fridom, og fridom er alltid fridom til å tenkje annleis.

Reform eller revolusjon

I det tyske sosialdemokratiske partiet var det stadig fleire som gjekk inn for politiske endringar gjennom reformer og samarbeid. Luxemburg høyrde til mindretalet som hevda at reelle politiske endringar berre kan skje gjennom revolusjon. Ved å samarbeide med ikkje-sosialistiske parti vil arbeidarklassa ende opp som forvaltarar av kapitalismen og framleis vere underordna den herskande samfunnsklassa. Å få innpass i dei politiske organa er ikkje nok, arbeidarklassa må gjere om på det økonomiske systemet.

Luxemburg sin konsekvente kamp for demokratisk sosialisme vart eit ideal for den radikale arbeidarrørsla på 1900-talet. Andre har kritisert henne for naive førestillingar om demokrati og revolusjon. Dei hevdar at ho overvurderte arbeidarane sitt revolusjonære potensial og undervurderte det liberale demokratiet si evne til å integrere arbeidarane politisk – og kapitalistane sin strategiske vilje til å kome dei i møte økonomisk.

Ettermæle

Rosa Luxemburg hadde stor innverknad på både si eiga samtid og ettertida. Ho blir oppfatta som ein eksponent for den «demokratiske kommunismen». Med tiltrua til spontane masseaksjonar og avvising av Lenins demokratiske sentralisme vart Rosa Luxemburg òg ei viktig inspirasjonskjelde for mange intellektuelle på venstresida under den politiske radikaliseringa i 1960- og 1970-åra.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg