Faktaboks

Lesjaskogsvatnet
Region
Innlandet
Kommune
Lesja
Vassdrag

Glommavassdraget

Viktigaste utløp
Gudbrandsdalslågen
Areal
5,4 km2
Høgd over havet
611
Lesjaskogsvatnet

Lesjaskogsvatnet er ein innsjø i Lesja kommune i Innlandet. Vatnet er 5,4 km², ligg 611 meter over havet og er om lag ti kilometer langt.

Lesjaskogsvatnet er ein av få innsjøar som har avløp i to retningar, både vestover til Rauma og austover til Gudbrandsdalslågen. Vatnet er ein menneskeskapt pseudo-bifurkasjon, og oppstod etter at to vatn i 1660-åra vart gjort samanhengande med ein cirka tre meters oppdemming for å skaffe betre fall til drifta av Lesja jernverk. Lesjaskogsvatnet blir rekna for eit godt fiskevatn.

Kart

Lesjaskogsvatnet
Lesjaskogsvatnet
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg