Konferansen resulterte i fleire dokument, mellom anna dei tre juridisk bindande Rio-konvensjonane Klimakonvensjonen, Konvensjonen om biologisk mangfald og ørkenspreiingskonvensjonen. Det mest omfattande dokumentet som blei vedteke på konferansen var Agenda 21. Dette er ein ikkje-bindande global arbeidsplan for regjeringar, organisasjonar og FN sjølv.
Planen skulle sikre ei berekraftig utvikling på alle område, inkludert kampen mot fattigdom, ivaretaking av miljøet og styrkt deltaking for viktige grupper som kvinner, barn og urbefolkning. Konferansen vedtok òg Rio-erklæringa om miljø og utvikling, ei liste over 27 prinsipp som skal liggje til grunn for statane sitt arbeid med berekraftig utvikling. Til saman la dokumenta frå Rio-konferansen føringar for FN sitt arbeid i tida etterpå.
Seinare er det arrangert oppfølgingskonferansar, mellom anna Rio+10 i Johannesburg i 2002 og Rio+20 i Rio i 2012, der statane har halde fram arbeidet med å nå måla frå 1992 om berekraftig utvikling og kamp mot fattigdom.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.