Per Sæmund Bjørkum

Faktaboks

Per Sæmund Bjørkum
Født
27. juli 1970, Oslo
Av /Oslo-Filharmonien.

Artikkelstart

Per Sæmund Bjørkum er fiolinist, spelemann og pedagog, med blikket retta mot både folkemusikktradisjonen frå Vågå og det store kunstmusikalske repertoaret.

Bakgrunn

Per Sæmund Bjørkum er fødd i Oslo. Etter grunnstudium ved Steinerskulen på Grav og eitt år på musikklina ved Hartvig Nissens skole, studerte han ved Noregs musikkhøgskole, der han i 1995 fullførte hovudfag, med professor Magnus Ericsson som lærar.

Musikkarrieren

Parallelt med studia, frå 1990, byrja han å spele i Det Norske Kammerorkester. I 1997 vart han tilsett i Oslo-Filharmonien, der han i dag er førstefiolinist.

I tillegg til å vere klassisk musikar er Bjørkum ein habil felespelar. Han gjekk i lære hos Pål Skogum frå 1977 til 1990. I denne perioden vann han fleire gonger klassa si på Landskappleiken. Han har òg arbeida som pedagog og hatt stilling som førsteamanuensis i felespel ved Noregs musikkhøgskole.

Bjørkum har konsentrert seg om folkemusikktradisjonen frå Vågå i Gudbrandsdalen. Den same bakgrunnen har trekkspelar og professor Jon Faukstad, og dei to har arbeidd saman i ei årrekkje. Kring 350 konsertar i Norden og Europa, og dessutan plateselskapet JPS records, er resultat av samarbeidet. Bjørkum er å finne som solist i andre samanhengar, og i konstellasjon med musikarar som Kåre Nordstoga, Sondre Bratland, Knut Reiersrud, Sigmund Groven og Henning Sommerro.

Utmerkingar

Bjørkum fekk Spellemannprisen i 2001 for plata Berg og Vatn og har elles fått SAGA-prisen (1993) og Øyvind Berghs minnepris (1994).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg