Artikkelstart
Ola Jonsmoen er ein norsk forfattar, skulemann og lokalpolitikar. Han har skrive over 40 bøker og har vist eit breitt engasjement i samfunns- og kulturliv.
Ola Jonsmoen er ein norsk forfattar, skulemann og lokalpolitikar. Han har skrive over 40 bøker og har vist eit breitt engasjement i samfunns- og kulturliv.
Ola Jonsmoen er fødd i Alvdal i Hedmark (no Innlandet). Han tok examen artium ved Oslo katedralskole i 1952 og vart cand.philol. frå Universitetet i Oslo i 1962, med hovudfag i nordisk. Same året vart han tilsett som lektor ved Tynset Gymnas, der han var rektor i åra 1977–1995. Han har vore oppteken av skulen både som utdanningsinstitusjon og aktør elles i samfunnet. Garborgdagane på Tynset vart til som eit samarbeid mellom skulen hans og andre krefter i hans rektortid.
Jonsmoen debuterte som forfattar i 1959 med diktsamlinga Dagen, vinden og hjartet og har seinare gitt ut om lag 45 diktsamlingar, romanar, skodespel og barnebøker. Nokre bøker, særleg barnebøker, har han gitt ut saman med kona Unni-Lise Jonsmoen, som òg har illustrert fleire av bøkene. Han har også redigert fleire antologiar for skuleverket og har skrive mange stykke i Norsk Barneblad, bidrag til sakprosabøker og ei mengd artiklar i aviser og tidsskrift. I fleire tiår var han kåsør i NRK, mellom anna i programmet «Som dagane går», og han har vore ein etterspurd foredragshaldar.
Han har hatt mange verv. Han sat i kommunestyret i Alvdal for Venstre i åra 1963–1971 og 1995–2003, og var varaordførar frå 1999 til 2003. I studietida var han med i styret i både Det Norske Studentersamfund og Studentmållaget i Oslo. I 1973–1975 var han leiar for Austmannalaget, i 1975–1976 styremedlem i Noregs Mållag. Han har vore medlem i mellom anna Norsk språkråd (1980–1987), Norsk kulturråd (1981–1984) og Statens bibliotekråd (1980–1983). I Statens seniorråd var han nestleiar i 2002–2005.
Jonsmoen er tildelt Austmannaprisen (1975), Hedmark fylkes kulturpris saman med Unni-Lise Jonsmoen (1989), Vinjeprisen (1991) og Norges Mållags målpris (2003). I 2002 vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i gull.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.