Magnhild Haalke var ein lærar og forfattar som skreiv bøker med kvinner og barn som hovudpersonar. Ho viser kor gale det kan gå når mødrer er makteslause og barn ikkje får vere barn. I mange år var ho ein av dei mestseljande forfattarane her i landet.
Magnhild Camilla Kvaale var fødd på Vikna i Nord-Trøndelag 12. august 1885 og døydde i Oslo 18. oktober 1984. Ho var elev ved Namdalen folkehøgskule i 1901–02 og gjekk lærarskulen på Elverum i 1905–06. Frå 1906 til 1920 var ho lærar på Vikna og på Ørlandet, og frå 1920 til 1940 ved Tjaberg skule i Sør-Odal. Frå 1940 var ho forfattar på heiltid.
Haalke debuterte som romanforfattar med Allis sønn i 1935, ei nærgåande skildring av ein fantasirik gut som vert øydelagd av uforstandige vaksne. I Røsten (1949) er det Peder som lid seg igjennom ein tarveleg barndom.
Dei tre romantrilogiane ho skreiv, har kvinner som hovudpersonar. I Grys saga (1936–41) er handlinga lagd til Haalke sine heimtrakter, i romanane Karenanna Velde, Kaja Augusta og Kvinneverden (1946–54) er forfattaren inspirert av si eiga slekt. Den tredje trilogien handlar om kunstnaren Serina (1955–62).
I alt skreiv ho rundt 25 bøker, dei fleste romanar. Språket er særeige og fargerikt, eit bokmål som nærmar seg samnorsk, med rikt innslag av trøndersk. Sentrale bokmeldarar i samtida gav Haalke svært rosande omtale, og ho fekk fort eit stort publikum. Bøkene vart omsette til mange språk og vart lanserte mellom anna i USA. Allis sønn kom i fleire nytrykk og var månadens bok i Den norske bokklubben i 1984.
Frå 1954 fekk Haalke statens kunstnarløn. For heile forfattarskapen fekk ho i 1980 tildelt Doblougprisen av Svenska Akademien.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.