Faktaboks

Leiv Egil Breivik
Fødd
6. juni 1944

Leiv Egil Breivik er professor emeritus i engelsk språkvitskap. Det akademiske arbeidslivet sitt har han hatt dels ved Universitetet i Tromsø og dels ved Universitetet i Bergen. Som anglistar flest har Breivik vore sterkt internasjonalt orientert, faktisk i større grad enn dei aller fleste med same bakgrunn. Han har vore gjesteprofessor og gjesteforskar på ei rekkje universitet i utlandet.

Utdanning og arbeidsliv

Breivik blei cand.philol. ved Universitetet i Bergen i 1971 med faga tysk, fonetikk og engelsk hovudfag. Umiddelbart etter embetseksamen gjekk han over i ei forskarstilling, først ved Universitetet i Bergen frå 1972 til 1974 og frå 1974 til 1976 ved University College London. I 1976 fekk han så fast stilling ved universitetet i Tromsø der han blei professor i 1980. Dr. philos.-graden tok han to år seinare. I 1988 blei han tilsett i eit professorat i engelsk lingvistikk i Bergen. Kontakten med Tromsø heldt han oppe gjennom ei professor II-stilling mellom 1994 og 2003.

Breivik må ha hatt svært stor arbeidskapasitet, for ved sida av full stilling som professor og i ein periode toarstillig i Tromsø har han hatt fleire kortare gjesteforskaropphald ved utanlandske universitet, gjerne i samband med forskningstermin eller sabbatsår frå stillingane i Tromsø og Bergen. Han var tilbake på University College London hausten 1991, no som Honorary Research Fellow, og arbeidde på prosjektet «The Survey of English Usage». I vårsemestera 1991 og 2000 var han gjesteprofessor på Universitetet i Wien. Vidare har han vore såkalla visiting professor ved University of Bloomsburg i Pennsylvania (1999), Coastal Carolina University (2002), University of Western Australia (2002–2003) og Universidad de Santiago de Compostela (2004).

Breivik har brei pedagogisk erfaring og har undervist i ei rekkje emne i engelsk lingvistikk. Han har også vore mykje brukt som gjesteførelesar i universitets- og høgskolesystemet og har engasjert seg mykje i fjernundervisning. Også utanfor Noreg har han halde mange gjesteførelesingar, i USA, Australia, Østerrike, Tsjekkia, Danmark, Tyskland, Storbritannia, Litauen, Slovakia, Spania, Sverige og Sveits.

Gjennom heile karrieren sin har Breivik brukt mykje tid og krefter på universitetspolitisk og administrativt arbeid. Han har sete i talrike komiteer på universitets-, fakultets- og instituttnivå og har vore dekan både i Bergen og i Tromsø. Mellom 2007 og 2014 var han styrar for det store Institutt for framandspråk i Bergen.

Breivik har vidare vore vald eller utnemnd til ei rekkje nasjonale og internasjonale verv. Mellom anna var han 1984–2000 president for The Norwegian Association of Applied Linguistics (ANLA). I same periode var han også medlem av den internasjonale komiteen for The International Association of Applied Linguistics (AILA).

Forskingsverksemd

Breivik har ein lang og innhaldsrik forskarkarriere bak seg. Han har publisert fleire bøker og talrike artiklar på forlag og i publikasjonar som rangerer høgt. Så tidleg som i 1981 fekk han publisert artikkelen «On the interpretation of existential there» i Language, eit amerikansk tidsskrift der konkurransen om å få innpass er ekstremt høg.

Hovedfokuset i Breiviks forsking har vore på forholdet mellom syntaks og pragmatikk som han har analysert både synkront og diakront. Kombinasjonen av diakrone og synkrone perspektiv er ein stor styrke ved mange av arbeida hans, til dømes Exististential there: A synchronic and diacronic Study (Novus 1990). Han har òg skrive mykje om språkendring. Verket Language Change: Contributions to the study of its causes (Mouton de Gruyter, 1989), som han har bidratt til og vore ein av to redaktørar av, er eit av mange døme på arbeida hans om språkendring.

Også redaksjonsarbeid har Breivik funne tid til og har kontinuerleg frå 1979 til kring 2020 drive slikt arbeid, anten som redaktør, medredaktør eller rådgjevar til lingvistiske tidsskrift.

Breivik er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg