Kari Kjønaas Kjos

Faktaboks

Kari Kjønaas Kjos
Født
25. januar 1962, Oslo

Artikkelstart

Kari Kjønaas Kjos er tidlegare stortingsrepresentant for Framstegspartiet (FrP) frå Akershus frå 2005.

Bakgrunn

Kari Kjønaas Kjos er fødd i Oslo. Ho gjekk på Fagerborg videregående skole i 1978–1981, tok Star Tours reiseleiarskule på Mallorca i 1983 og bedriftsøkonomi ved Bedriftsøkonomisk Institutt i 1993–1995. Kjos var assistent i Åkeberg barnehage i 1981–1982 og Gransletta barnehage i 1983–1984. Ho var saksbehandlar i Hetlandhus i 1984–1986 og dagleg leiar i Økonomisko i 1995–2000.

Politisk karriere

Kjos var sekretær i Lørenskog FrP i 1996–2001, medlem av Lørenskog formannskap i 1999–2007 og kommunestyrerepresentant i 2007–2011. Ho var fylkessekretær i Akershus FrP i 2000–2003, rådgivar ved distriktskontoret for Østfold og Akershus FrP i 2003–2005 og varamedlem til Akershus fylkesting i 2007–2011.

Kjos var innvald som stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Akershus i 2005–2021. Ho var medlem av arbeids- og sosialkomiteenStortinget i 2005–2009 og av helse- og omsorgskomiteen i 2009–2021, der ho var leiar i 2013–2017. Ho var medlem av kommunal- og forvaltningskomiteen i 2017, der ho var første nestleiar i 2017–2020, deretter medlem av justiskomiteen i 2020. Dei viktigaste politiske sakene hennar er kommuneøkonomi, helse og kontantstøtte.

Andre verv

Kjos har mellom anna vore medlem av styret for Lørenskog Boligbyggelag i 1999–2003, medlem av generalforsamlinga i Sentralrenseanlegget RA-2 i 2003–2005 og meddommar i lagmannsrettenRomerike i 2003–2005. Ho var medlem av likningsnemndaNedre Romerike i 2003–2007 og varamedlem i overformynderiet i Lørenskog frå 2007.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg