Artikkelstart
Kaare Fostervoll var ein norsk skulemann, målmann og politikar for Arbeidarpartiet. Han var statsråd fra 1945 til 1948. Deretter var han den første kringkastingssjefen i NRK (1948–1962), og var mannen som fekk fjernsynet til Noreg.
Fostervoll tok examen artium i Kristiansund i 1910 og deretter lærarskuleeksamen i Volda. Etter fleire år som folkeskule- og folkehøgskulelærar rundt omkring i landet drog han til Kristiania for å studere ved universitetet. Han vart cand.philol. i 1927 med ei hovudoppgåve i historie om «arbeidarskandinavismen». Fostervoll var ein aktiv student og var mellom anna formann i Studentmållaget 1919–1920 og i Studentersamfundet hausten 1923 – som den første målmannen nokon gong. Han var sosialist og tilslutta Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti før partisamlinga i 1927.
Etter studia drog Fostervoll til Nordfjord, der han var rektor ved Firda Gymnas i 11 år. Frå 1938 var han rektor ved Ålesund offentlige høyere almenskole, men vart etter press frå NS-hald avsett i 1941. Etter andre verdskrig gjekk han for fullt inn i politikken og vart vald inn som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet for byane i Møre og Romsdal i 1945. Han var kyrkje- og undervisningsminister i Einar Gerhardsens første og andre regjering, i åra 1945–1948.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.