Iselin Nybø

Faktaboks

Iselin Nybø
Født
14. mai 1981, Randaberg, Rogaland
Iselin Nybø
Av .

Artikkelstart

Iselin Nybø er advokat, tidlegare stortingsrepresentant for Venstre frå Rogaland og tidlegare minister for forsking- og høgare utdanning og næringsminister i regjeringa Solberg.

Bakgrunn

Iselin Nybø er fødd i Randaberg i Rogaland. Ho studerte jus ved Universitetet i Bergen 2000–2006. Etter studia vart ho tilsett som skattejurist i Skatteetaten, og arbeidde med internasjonal skatterett. Frå 2009 arbeidde ho som advokatfullmektig i advokatfirmaet Steensrup Stordrange, frå 2011 i Simonsen advokatfirma og frå 2013 i advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig AS. Ho har vore førelesar ved Handelshøyskolen BI.

Politisk karriere

Nybø leia Hordaland Unge Venstre frå 2002 til 2004, politisk nestleiar i Rogaland Venstre 2007 til 2010, leiar same staden 2010–2012, medlem av Venstres landsstyre frå 2007 til 2012, og sentralstyret frå 2012 til 2014. I 2018 vart ho oppnemnd som leiar av Venstres prinsipprogramkomité.

1999–2003 var Nybø medlem i hovudutval for nærmiljø og kultur i Randaberg kommune. Frå 2003 var ho fast medlem i kommunestyret og medlem av hovudutval for oppvekst og levekår. I 2007 flytta ho til Stavanger, der ho vart bystyremedlem og formannskapsmedlem, heilt fram til 2015. 2007–2013 var ho nestleiar i kommunalstyret for oppvekst i Stavanger kommune.

Frå 2013 til 2017 var Nybø stortingsrepresentant for Rogaland og vart medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen og justispolitisk talsperson for Venstre. Ved valet i 2017 mista Venstre utjamningsmandatet i Rogaland til SV. Også i 2021 stilte ho til val, men Venstre fekk heller ikkje denne gangen mandat frå Rogaland.

Nybø vart utnemnd som statsråd etter at Venstre gjekk inn i regjeringa Solberg i 2018. Ho var forsking- og høgare utdanningsminister 2018–2020, og var frå januar 2020 til oktober 2021 næringsminister.

Nybø har vore profilert liberal talsperson i saker om personvern. Ho har engasjert seg mot innføring av datalagringsdirektivet, mot politirazzia i skulen og anna inngripen i personvernet til barn og vaksne. Som stortingsrepresentant var Nybø kunnskapspolitisk talsperson. Ho arbeidde då med anna for gratis SFO og barnehage til barn i låginntektsfamiliar, rekrutteringsstillingar på norske høgare utdanningsinstitusjonar og likebehandling av dei nye universiteta med dei eldre universiteta.

Andre verv

Frå 2008 til 2012 var Nybø styremedlem i det interkommunale vass-, avløps- og renovasjonsselskapet IVAR, og frå 2012 til 2015 var ho styremedlem i Norsk Vann. Nybø var styremedlem i Norsk Bibliotekforening 2014–2015.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg