Inger Bråtveit er ein norsk forfattar som fekk mykje merksemd med debutromanen sin. For Munn mot ein frosen fjord (2001) mottok ho Nynorsk Litteraturpris frå Noregs Mållag i 2002.

Bråtveit festa posisjonen sin som ein av våre viktige, samtidige forfattarar med andreboka si, romanen Siss og Unn (2008). Hovudpersonane i boka er henta frå Tarjei Vesaas Is-slottet.

Bråtveit er fødd i Bergen i 1978, og vaks opp i Suldal. Ho studerte litteraturvitskap, nordisk og teatervitskap i Bergen, og skreiv mastergradsoppgåve om Is-slottet

Love Project frå 2009 var eit samarbeid med den svenske poeten Cecilia Hansson, og er Bråtveits debut som poet. Samarbeidsprosjekt har ho også gjort i lag med kunstnarar som Jenny Hval. Mummy Big er tittelen på eitt av dei musikalske tekstarbeida som kom frå samarbeidet.

Bråtveits debut som barnebokforfattar kom i 2012, med ei biletbok på Flamme Forlag

Ved sia av å skrive eigne bøker, har Bråtveit arbeidd for Det Norske Bibelselskap sitt revisjonsprosjekt "Bibel 2011". 

  • Nynorsk litteratupris (2002) for Munn mot ein frosen fjord
  • Bjørnsonstipendet (2009)
  • Suldal Mållags Målpris (2010)
  • Alice A4 (Roman, Oktober, 2015)
  • Loveprosjekt (Dikt, Oktober, 2009 (Med Cecilia Hansson))
  • Siss og Unn (Roman, Oktober, 2008)
  • Munn mot ein frosen fjord (Roman, Tiden, 2002)

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.