Faktaboks

Offisielt namn
HALLINGDØLEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Ål
Dagleg leiar
Ola Stave
Styreleiar
Vidar Isungset
Logo
Logo
Av .

Opplagstall for Hallingdølen, 1986-2023

1986 8955
1988 9197
1990 9380
1991 9391
1992 9388
1993 9387
1994 9243
1995 9248
1996 9316
1997 9571
1998 9595
1999 9612
2000 9839
2001 9838
2002 10047
2003 10081
2004 10099
2005 10169
2006 10190
2007 10215
2008 10038
2009 9796
2010 9620
2011 9461
2012 9456
2013 9319
2014 9127
2015 8855
2016 8739
2017 8686
2018 9013
2019 9204
2020 9834
2021 10216
2022 10755
2023 11359
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)

Hallingdølen (avis) er ei norsk lokalavis som kjem ut i Ål i Hallingdal. Ho vert gitt ut på papir tre dagar i veka, og elles som dagleg oppdatert nettavis. Hallingdølen vart grunnlagd i 1936 og er eigd av fleire aksjonærar. Avisa dekkjer Hallingdal.

Hallingdølen har alt redaksjonelt stoff på nynorsk. Medan Firda er den største nynorskavisa på Vestlandet, er Hallingdølen den største på Austlandet. Avisa er ei av dei største avisene i Noreg som står utanfor alle mediekonsern, eller som ikkje sjølv er eit mediekonsern. Avisa er medlem av Landslaget for lokalaviser.

Digitalt

Hausten 2011 innførte Hallingdølen som den første avisa i Noreg betalingsmur for ikkje-abonnentar som ville lese avisa på nettet. Hallingdølen publiserer stoffet på dei ulike digitale flatene, og lagar i tillegg podkasten «Høyr». Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar på nett og papir var 15 213 i fjerde kvartal 2023, viser statistikken frå Mediebedriftenes Landsforening.

Historie

Hallingdølen kom med første nummeret 2. oktober 1936 og starta regulær drift frå 6. november same året. Avisa var skipa som eit einmannstiltak av saudabuen Jon Fatnes, og kom dei første åra med eitt nummer i veka. Kvart nummer var på fire sider. Avisa skulle vere eit upolitisk lokalblad for Hallingdal, skulle stå for nasjonale verdiar, kristendom og sivilisert åtferd mellom menneske, og ho skulle likestille bokmål og nynorsk. Hallingdølen vart stoppa i mai 1941 og tok opp att drifta etter krigen 7. juni 1945. I 1946 fekk Fatnes arbeid i Stavanger Aftenblad, og eit lutlag av åtte bygdefolk kjøpte avisa. Fatnes stilte som vilkår at bokmål og nynorsk skulle vere likeleg fordelt.

Dei første åra vart avisa prenta på Voss. I 1948 fekk avisa eige trykkjeri. Ho fekk sitt eige fotoapparat i 1950, og flytta inn i eige hus i 1976. Avisa har avdelingskontor på Nesbyen og definerer seg som partipolitisk uavhengig lokalavis for Hallingdal.

Redaktørar

Redaktørar har vore: Jon Fatnes (1936–1945), Lars Tormodsgard (mellombels 1946), Tor Jonsson (siste halvåret 1946), Torgeir Lid (1947–1955), Lars S. Strand (1956–1976), Sigbjørn Tormodsgard (1. juli 1976–1998), Bjarne Tormodsgard (1999–2016), Embrik Luksengard (2017–2019) og Lillian Holden (2019 – ).

Eigar er Hallingdølen AS

Utmerkingar

Hallingdølen har fire gonger blitt kåra til Årets lokalavis av Landslaget for lokalaviser – i 2005, 2008, 2013 og 2015 – og har fleire gonger vunne prisar i European Newspaper Award. I november 2013 vart avisa kåra til den beste lokalavisa i Europa under European Newspaper Award. 211 aviser frå 25 land deltok i konkurransen.

Opplag

År Opplag
1950 3556
1970 5650
1990 9380
2007 10 215
2015 8813
2020 9834
2021 10 216
2022 10 755
2023 11 359

Opplagstala til og med 2015 gjeld berre for papirutgåva. Frå og med 2020 reknar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Fakta

  • Første nummer av Hallingdølen kom ut 2. oktober 1936.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Idar Flo (red.): Norsk presses historie, bd. 4. Oslo 2010
  • Buskerud krets av Norsk Presseforbund: Pressen i Buskerud. 1917–1947. Drammen [1947]
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
  • Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Universitetsbiblioteket i Oslo 1973
  • Kåre Olav Solhjell: Lokalavisa vår 50 år. Hallingdølen 1936–1988. [Gol 1988]

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg