Norsk Målungdom, ungdomsorganisasjon som arbeider for å fremje nynorsk og dialektane. Norsk målungdom blei oppretta i 1961 som Noregs Student- og Elevmållag. Organisasjonen fekk det noverande namnet i 1971. Norsk Målungdom har om lag 1200 medlemer, og er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag.

Målungdomen har ofte hatt eit meir radikalt syn på målspørsmål enn Mållaget, og har òg engasjert seg i fleire allmennpolitiske saker, t.d. i EF-/EU-striden på 1970- og 1990-talet. Dei siste åra har Norsk Målungdom også engasjert seg for å betre vilkåra for minoritetsspråk i Noreg, som kvensk, lulesamisk og nordsamisk. I målrørsla har Målungdomen spela ei rolle for det ideologiske ordskiftet, med studentmållaga som dei førande aktørane.

Sidan 2001 har organisasjonen delt ut Dialektprisen, som blir gitt til offentlege personar som utmerker seg med resolutt bruk av eiga dialekt. Norsk Målungdom arrangerer sumarleir for medlemene sine, kor lingvistikk og språkpolitikk blir kombinert med friluftsturar og fotballturneringar.

Karl Peder Mork frå Oslo er leiar i Norsk Målungdom.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.