Høgnorsk, nemning på ein konservativ variant av nynorsk som er svært lite bruka i dag.

Høgnorsk og riksmål voks fram som ein reaksjon på tilnærminga mellom bokmål og nynorsk i mellomkrigstida, særleg uttrykt i den store, felles rettskrivingsreforma i 1938. I denne reforma måtte mange trekk i den tradisjonelle nynorsken vika til fordel for former som låg tettare opp til bokmålet. I høgnorsk er slike trekk bevarte, til dømes skilet mellom sterke og svake hokjønnsord: Ei gjente/gjenta, gjenta, gjentor, gjentone (nynorsk ei jente, jenta, jenter jentene) og ei sak, saki, saker, sakene (nynorsk ei sak, saka, saker, sakene).

Grunnlaget  for høgnorsk rettskriving og grammatikk er følgjerett og etymologisk: ganga, gjeng, gjekk, hev gjenge og segja, segjer, sagde, hev sagt (nynorsk gå, går, gjekk, har gått og seia, seier, sa, har sagt) og former som breid, fyrr, so, tvo (bokmål og nynorsk brei, før, så, to). Lars Eskelands Norsk Ordliste frå 1921 er gjerne nytta som ordliste for høgnorsk.

Sjå òg i-mål.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.