Frank Kjosås er norsk skodespelar. Han har nådd breitt ut til publikum gjennom allsidige roller på teater, film, i fjernsynsseriar og musikalar. Sidan 2006 har han vore tilsett ved Det Norske Teatret.
Frank Kjosås
Faktaboks
- Fødd
- 28. juli 1981, Øystese i Hardanger, Vestland
Bakgrunn
Frank Kjosås er fødd i Øystese i Kvam i Hardanger, Hordaland (no Vestland). Etter at han var elev ved Øystese vidaregåande skule (1997–2000), gjekk han på Romerike folkehøgskole (2000–2001) og Bårdar Akademiet (2001–2002). Han studerte ved Statens teaterhøgskole (no Teaterhøgskolen) frå 2003 til 2006.
Skodespelarkarrieren
Kjosås nyttar det allsidige talentet sitt til å spele sentrale roller i både teater, musikalar og på fjernsynsskjermen. Han spelar gjerne personar som er utfordrande for publikum å forstå, men Kjosås har hausta god kritikk for tolkingane sine av roller som Adolf Hitler og Judas Iskariot.
Teater
I 2006 blei Kjosås tilsett ved Det Norske Teatret. Der har han spela rolla som Woof i musikalen Hair (2006), tittelrolla i Peter Pan (2007), Davey i Løytnanten fra Inishmore (2008), Judas i musikalen Jesus Christ Superstar (2009), Frank i Evig Ung (2009), Gabe i Next to Normal (2010), Petrell i Sjuk ungdom (2011), Jesus i Bibelen (2013), Adolf Hitler i Mein Kampf (2013), Hjalmar i Trost i taklampa (2014), hovudrolla i Sweeney Todd (2015) og hovedrolla som Christopher i Det merkelege som hende med hunden den natta. Hausten 2016 spela han rolla som Jakoba i Jan Roar Leikvolls Songfuglen. Frå 2017 til 2019 spela Kjosås rolla som mormonaren Kevin Price i publikumssuksessen The Book of Mormon.
Han spela òg tittelrolla i Hamlet på Hålogaland Teater i 2012, og rollene som Ofelia og Horatio i same stykke på Det Norske Teatret i 2014. Kjosås har òg tolka rolla som Dovregubben i oppsetjinar av Peer Gynt på Gålå (2014 og 2015).
TV og film
Kjosås filmdebuterte i 2005 og har spela biroller i filmar som Varg Veum – Tornerose (2008), De Usynlige (2008) og De gales hus (2008). I TV-serien Halvbroren (2013), regissert av Per-Olav Sørensen for NRK etter Lars Saabye Christensens roman, spela han Fred, ei av hovudrollene. Han spela Knut Haukelid i Kampen om tungtvannet (2015) og Hartmann i Exit (2019-).
Utmerkingar
I 2013 vann han Gullruten i kategorien beste mannlege skodespelar for rolla som Fred i Halvbroren av Lars Saabye Christensen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.