Frank Kjosås

Faktaboks

Frank Kjosås
Født
28. juli 1981, Øystese i Hardanger, Vestland
Frank Kjosås.
Frank Kjosås.
Av /SCANPIX.
Frank Kjosås og Vidar Magnussen
Frank Kjosås spilte både Ofelia og Horatio i Hamlet på Det norske teatret i 2014. Her sammen med Vidar Magnussen (til høyre) som Polonius.
Av /Det norske teatret.

Artikkelstart

Frank Kjosås er norsk skodespelar. Han har nådd breitt ut til publikum gjennom allsidige roller på teater, film, i fjernsynsseriar og musikalar. Sidan 2006 har han vore tilsett ved Det Norske Teatret.

Bakgrunn

Frank Kjosås er fødd i Øystese i Kvam i Hardanger, Hordaland (no Vestland). Etter at han var elev ved Øystese vidaregåande skule (1997–2000), gjekk han på Romerike folkehøgskole (2000–2001) og Bårdar Akademiet (2001–2002). Han studerte ved Statens teaterhøgskole (no Teaterhøgskolen) frå 2003 til 2006.

Skodespelarkarrieren

Kjosås nyttar det allsidige talentet sitt til å spele sentrale roller i både teater, musikalar og på fjernsynsskjermen. Han spelar gjerne personar som er utfordrande for publikum å forstå, men Kjosås har hausta god kritikk for tolkingane sine av roller som Adolf Hitler og Judas Iskariot.

Teater

I 2006 blei Kjosås tilsett ved Det Norske Teatret. Der har han spela rolla som Woof i musikalen Hair (2006), tittelrolla i Peter Pan (2007), Davey i Løytnanten fra Inishmore (2008), Judas i musikalen Jesus Christ Superstar (2009), Frank i Evig Ung (2009), Gabe i Next to Normal (2010), Petrell i Sjuk ungdom (2011), Jesus i Bibelen (2013), Adolf Hitler i Mein Kampf (2013), Hjalmar i Trost i taklampa (2014), hovudrolla i Sweeney Todd (2015) og hovedrolla som Christopher i Det merkelege som hende med hunden den natta. Hausten 2016 spela han rolla som Jakoba i Jan Roar Leikvolls Songfuglen. Frå 2017 til 2019 spela Kjosås rolla som mormonaren Kevin Price i publikumssuksessen The Book of Mormon.

Han spela òg tittelrolla i HamletHålogaland Teater i 2012, og rollene som Ofelia og Horatio i same stykke på Det Norske Teatret i 2014. Kjosås har òg tolka rolla som Dovregubben i oppsetjinar av Peer GyntGålå (2014 og 2015).

TV og film

Kjosås filmdebuterte i 2005 og har spela biroller i filmar som Varg Veum – Tornerose (2008), De Usynlige (2008) og De gales hus (2008). I TV-serien Halvbroren (2013), regissert av Per-Olav Sørensen for NRK etter Lars Saabye Christensens roman, spela han Fred, ei av hovudrollene. Han spela Knut Haukelid i Kampen om tungtvannet (2015) og Hartmann i Exit (2019-).

Utmerkingar

I 2013 vann han Gullruten i kategorien beste mannlege skodespelar for rolla som Fred i Halvbroren av Lars Saabye Christensen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg