Camilla Granlien

Faktaboks

Camilla Granlien
født:
1974, Elverum
Camilla Granlien

Camilla Granlien, norsk kvedar eller folkesongar, særleg kjent som formidlar av tradisjonsstoff frå Gudbrandsdalen. Utdanninga si har ho frå Kvedarskulen ved Ole Bull AkademietVoss, og ein master i folkekunst frå Høgskulen i Telemark, avdeling Rauland.

Ho har vunne klasse A vokal folkemusikk på Landskappleiken tre gonger, i 2006, 2007 og 2008. Kongepokal frå Landskappleiken 2008. Granlien debuterte som soloartist med albumet Begjær i 2005. Ho har òg utmerka seg som ein brubyggjar mellom tradisjonsmusikk og andre sjangrar, som medlem av gruppa Skrekk (2001-2007) og metalbandet To Cast a Shadow. I tillegg har ho sitt eige Camilla Granlien Band. Med dette bandet gav ho i 2008 ut albumet Jarnnetter, med tekstar av Tor Jonsson og Olav Aukrust, dels med tradisjonelle melodiar, dels tonesett av Granlien.

I 2010 gav Granlien ut albumet Aftenstemning saman med saksofonisten Kristin Sevaldsen, med tekstar av Bjørnstjerne Bjørnson, tonesett av Granlien og Sevaldsen. I 2013 deltok Granlien på albumet Songs by Geirr Tveitt med gruppa Slagr, til tekstar av norske lyrikarar.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg