Linda Eide

Faktaboks

Linda Eide
Født
10. februar 1969, Voss
Linda Eide, portrett fra 2015
Av /NTB.

Artikkelstart

Linda Eide er ein norsk journalist og programleiar frå Voss, tilsett i NRK sidan 1990. Ho har fronta Vossamål i både radio og TV, og har blitt tildelt ei rekkje språkprisar.

Bakgrunn

Eide er utdanna ved Norsk Journalisthøgskole i 1990, og fekk fast jobb som radiojournalist i NRK same året, etter ein sommarjobb i Bergens Tidende. I radioen arbeidde ho som nyhendejournalist, kulturjournalist, kåsør og programskapar, og utmerkte seg særskilt i programmet Norgesglasset frå 1996 til 2005.

Tv-gjennombrot

Frå 2007 til 2012 laga Eide tre sesongar av tv-serien Norsk attraksjon, der ho – kledd i raud grilldress – tok sjåarene med til plassar i Noreg som ikkje stod i guidebøkene. Programmet hadde i snitt rundt ein million sjåarar. Eide laga i tillegg det kulturhistoriske programmet Smæsj (2015).

Frå 2017 har Eide laga talkshowet Eides språksjov, inspirert av språkkveldane Ut med språket på Litteraturhuset i Bergen, i samarbeid med språkprofessor Gunnstein Akselberg og pianist Sjur Hjeltnes, begge frå Voss. Begge blei med på tv-satsinga, utfylt med Halvor Folgerø i redaksjonen. «Då eg skulle selja det inn til sjefane mine i Oslo, sa eg at dette er eit så krevjande konsept at eg berre var heilt nøydd til å ha med meg folk som snakkar same språket – slik at me kan vera sikre på å unngå alle mistydingar. Då lo dei, og gav opp,» sa Eide til avisa Hordaland ved oppstarten.

Eides språksjov hadde i snitt 580 000 sjåarar på onsdagar, og blei i 2019 flytta til laurdag kveld. Det var første gong det blei laga studiobasert underhaldning for laurdagar frå Bergen sidan Absolutt norsk med Rune Larsen og Jan Eggum i 2003. I 2020 leia ho programmet Sommerbilen med Herborg Kråkevik.

Framsyningar, forfattarskap og prisar

Eide har skrive sju bøker, frå debuten Då gamlemor baka seg i hel: Moderne skillingsdikt (2000) via Norsk attraksjon: Guiden til det du ikkje finn i guideboka (2012) til Lydjournalistikk: innføring i radio og podkasting (2015, med Jørgen Warvik Lyngvær og Lars Nyre). For Oppdrag Mottro: Jakta på gamle dagar (2012), basert på telefonsamtalar med Eides mor, fekk ho Melsomprisen, og boka blei i 2018 sett opp som framsyning på Det Norske Teatret.

Med Sjur Hjeltnes har Eide laga framsyninga 200 år på 2 timar – inklusivert pause (2014), som blei følgd opp med Melodi Grand Jazz (2018), laget på oppdrag frå festivalen Vossa Jazz.

Eide har òg vunne ei rekkje prisar innan språk og kringkasting. Ho vann Gullruten i 1997 for beste tv-reportasje og i 2012 for beste programleiar med Norsk attraksjon, og dessutan Homofrydprisen i 1997, Dialektprisen frå Norsk Målungdom i 1999, den første nynorskprisen til journalistar frå Kulturdepartementet i 2006, Noregs Mållag sin målpris i 2013, Årets hordalending i 2018, Storegutprisen i 2019 og Riksmålsforbundet sin første språkgledepris i 2020.

Eide er gift med Elena Schough.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg