Bård Hoksrud

Faktaboks

Bård Hoksrud
født:
26. mars 1973, Porsgrunn
Stortinget.

Bård Hoksrud er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Frå august 2018 til januar 2019 var han landbruksminister i Regjeringa Solberg. Frå 2013 til 2015 var han statssekretær i Samferdselsdepartementet. Sidan 2005 har Hoksrud vore innvald på Stortinget frå Telemark.

Bakgrunn

Hoksrud fullførte treårig vidaregåande opplæring i handel og kontorfag i 1992. Samstundes arbeidde han som butikkmedarbeidar. Frå 1994 til 1998 arbeidde han som assisterande butikksjef og butikksjef i daglegvarehandelen.

Lokalpolitikk

Hoksrud var medlem av kommunestyret i Bamble i 20 år frå 1991 til 2011. Han var medlem av landsstyret i KS (Kommunenes sentralforbund) frå 2000 til 2005.

Rikspolitikk

Frå 1998 vart han heiltidspolitikar, først som organisasjonssekretær i Framstegspartiet og frå 2001 som politisk rådgivar. Han var formann i Framstegspartiets Ungdom i 1999–2002 og distriktssekretær for Buskerud, Telemark og Vestfold i 2002–2005.

Hoksrud vart innvald på Stortinget frå Telemark i 2005. Mesteparten av tida har han vore medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen, der han er nestleiar sidan 2020.

Politisk profil

Hoksrud har markert seg imot det han kallar unødvendige forbod og reguleringar. Han har talt for å tillate lakrispiper, ståhjuling, vasskuter og sal av sjokolademjølk og anna søtt i skulekantiner. Han har òg vore rekna som ein folkeleg og frittalande politikar, anten han har uttalt seg om bompengar eller eldreomsorg.

I Framstegspartiet har han vore ein sentral politisk strateg i tida etter 2000. Han var tett på Carl I. Hagen som FpU-formann og rådgivar, og han heldt på denne posisjonen etter at Siv Jensen blei ny formann i 2006. Hoksrud er på mange måtar rekna som ein brubyggjar mellom dei tradisjonalistiske og dei liberalistiske fløyene i partiet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg