Anders Berntsen Mol

Faktaboks

Anders Berntsen Mol
Født
2. juli 1997
Sørum og Mol i Sveits sommeren 2018, noen dager før EM. Duoen vant både EM-gull og verdensseriefinalen i 2018. Mol til venstre, Sørum til høyre.
Av /FIVB.
Lisens: Gjengitt med tillatelse

Anders Berntsen Mol, norsk volleyballspelar frå Strandvik i Hordaland. Han har saman med lagkamerat Christian Sørum fleire sigrar i verdsserien i sandvolleyball. Duoen vann både EM-gull og verdsseriefinalen i 2018.

Karriere

Anders Mol tok tre gull i junior-EM. Det siste kom saman med Christian Sørum, som han også satsa vidare med som senior. Sidan 2016 har duoen spelt saman, og allereie same året kom dei til kvartfinale i Major-turneringa i Klagenfurt. I 2017 kom Mol og Sørum på niandeplass i Major-turneringane i Gstaad og Poreč.

Mol vart kåra til årets nykommar – Rookie of the Year – etter den første sesongen som profesjonell i verdsserien i 2017.

I 2018 fekk Mol og Sørum det store gjennombrotet i verdseliten. I juli gjekk dei først til topps i femstjernersturneringa i Gstaad, før dei veka etter vann EM i Nederland. Her gjekk dei gjennom meisterskapen utan å tape ein einaste kamp. I finalen slo dei Latvia 2–0. Det var det første norske EM-gullet i sandvolleyball sidan 1997.

I august vann dei nok ei prestisjefylt turnering, då dei gjekk til topps i masterturneringa i Wien. Dei vart også rangerte som det beste laget i verda på verdsrankingen.

Seinare same månaden vann dei si fjerde strake turnering og sigra i verdsseriefinalen i Hamburg. Nordmennene vann 2–0 over Polen i finalen.

Verdas internasjonale volleyballforbund (FIVB) kåra etter sesongen Mol til årets beste spelar, spelaren med best utvikling, beste blokkspelar og beste offensive spelar i sandvolleyball.

I 2019 deltok Sørum og Mol for første gong i VM. Duoen tok bronsemedalje i debuten etter å ha slege amerikanske Bourne/Crabb 21-15 og 15-10 i bronsefinalen.

Mol og Sørum er ein del av landslagssatsinga til Beachvolley Vikings, som også består av Mathias Berntsen og Hendrik Mol. Trenar for satsingsgruppa er tidlegare landslagsspelar og -trenar Kåre Mol.

Anders Mol er son av tidlegare sandvolleyballspelar og OL-deltakar Merita Berntsen Mol.

Merittar

  • Tre EM-gull for juniorar
  • Fleire sigrar i verdsserien
  • Europameister 2018
  • Vinnar av verdsseriefinalen 2018
  • Bronse i VM 2019

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg