Førde Volleyballklubb

Bendik Huus, Lars Magnus Kaasa og Jonas Kvalen i blokk for Førde i europacupkamp mot Novy Urengoy.
Førde Volleyballklubb i tremannsblokk
Anders Mol med kongepokalen etter at Førde VBK vant NM-finalen for menn mot TIF Viking i 2020.
Av /NTB Scanpix.

Førde Volleyballklubb er ein volleyballklubb i Førde i Sunnfjord, stifta 18. september 1974. Klubben er ein av dei beste klubbane i Noreg etter tusenårsskiftet. Herrelaget har fleire gongar delteke i europacup.

Fakta

  • Drakt: Blå overdel, blå bukse
  • Heimebane: Førdehuset
  • Trenar: Branislav Duric (herrar), Vitor Macedo (kvinner)

Historie

Førde Volleyballklubb vart stifta og deltok i seriesystemet frå 1974. Klubben spelte sin første sesong i toppserien for herrar i volleyball i 1980–1981, og herrane tok for første gong bronse i noregscupen i 1981.

Sidan rykte klubben opp og ned fleire gongar, og slo først skikkeleg gjennom i norsk toppvolleyball med cupsigeren i 2007.

Etter dette har klubben vore blant dei aller fremste på herresida, og den første seriemeisterskapen sikra laget seg i 2008. Den same hausten debuterte Førde på lågaste nivå i europacupen. Den første kampen i Challenge cup enda med 0–3-tap heime mot MOK Zagreb frå Kroatia.

Herrelaget vart nordiske meistrar i 2011 og har seinare delteke fleire gongar i europacupen. Hausten 2018 deltok dei for første gong i CEV-cupen, på nivået under Champions League, der dei gjekk vidare til 16-delsfinalen etter to sterke kampar mot det ukrainske profflaget Novator Khmelnytskyi. I 16-delsfinalen vart TIF Viking frå Bergen for sterke, og Førde var ute av europacupen.

Damelaget gjekk for første gong til topps i NM i 2018. Seinare samme året vann dei også serien for første gong, og dei spelte i den europeiske CEV-cupen vinteren 2018–2019. Der tapte Førde mot franske Saint Raphaël i første runde.

Kjende spelarar

Nokre kjende spelarar er Anders Berntsen Mol, Asbjørn Vølstad, Torgeir Vølstad, Geir Eithun, Jetmund Berntsen, Mathias Loftesnes, Martin Berntsen, Jan Egil Tvinde, Marita Hjelmeland og Hilde Elvebakk.

Merittar

Førde VBK herrar har fem NM-titlar (2007, 2011, 2016, 2019, 2020), fem seriegull (2008, 2013, 2016, 2017 og 2019) og eitt nordisk meisterskap (2011).

Førde VBK kvinner har to NM-gull (2018, 2019) og eitt seriegull (2018).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg