Anders Mol og Christian Sørum
Sørum og Mol i Sveits sommaren 2018, nokre dagar før EM. Duoen vann både EM-gull og verdsseriefinalen i 2018. Mol til venstre, Sørum til høgre.
Herrera/Mesa, vinnarar av Otera Open Kristiansand 2008
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Sandvolleyball er ei idrettsgrein som har opphav i innandørsvolleyball. Sandvolleyball skil seg frå originalen ved at spelet går føre seg utandørs og på sand, og ved at det berre er to spelarar på kvart lag. Det er også ein litt mindre bane, og sjølve ballen har eit litt mindre lufttrykk enn i innandørs volleyball.

Faktaboks

Også kjend som

strandvolleyball, beachvolleyball

Bakgrunn

Sandvolleyball har blitt spelt sidan 1920-åra på strender i California og på Hawaii. Den første offisielle turneringa blei halden i 1947 på State Beach, California. Den første verdsmeisterskapen blei arrangert av FIVB (det internasjonale volleyballforbundet) på stranda Ipanema i Rio de Janeiro i 1987. Sandvolleyball blei olympisk grein i Atlanta i 1996.

I Noreg blei den første turneringa arrangert i Skien i 1984. Noregsmeisterskap i sandvolleyball har blitt spelt sidan 1993.

Frå 1999 har Noreg arrangert den eine runden i verdsturneringa i sandvolleyball i Stavanger. Arrangementet har samla dei beste spelarane i verda, og det var også publikumsmessig svært populært, men våren 2012 måtte arrangør og investor Bjørn Maaseide seia frå seg turneringa av økonomiske årsaker. Noregs Volleyballforbund starta opp igjen turneringa i 2014.

Frå 2007 hadde Noreg nokre år ei andre turnering i Kristiansand. Sommaren 2009 blei verdsmeisterskapen i sandvolleyball arrangert i Stavanger, og i 2019 var ei éistjernesturnering i verdsserien lagd til Oslo.

Spelet og reglane

Til skilnad frå innandørs volleyball er det berre 2 spelarar på kvart lag i sandvolleyball. Netthøgda er den same som innandørs, men banen blei etter ei regelendring i 2001 redusert til å vera 16 × 8 meter. Ytterlinjene rundt banen er markerte med snorer, og det er inga midtlinje. Det er ingen krav til korleis spelarane skal vera posisjonerte på banen, men det blir stilt strengare krav til ballbehandlinga.

Lag vinn poeng som i innandørs volleyball, men det blir spelt best av tre sett, og kvart sett blir spelt til 21 poeng. Det blir bytt side på kvart sjuande spelarpoeng (til dømes 5–2 og 9–5). Dersom det skal bli spelt eit tredje avgjerande sett (tiebreak), blir dette spelt til 15 poeng, og det blir bytt side på kvart femte poeng (til dømes 2–3 og 6–4). Kvart lag har rett til ein timeout i kvart sett, og det er ein obligatorisk teknisk timeout i dei to første setta når det er delt ut 21 poeng (til dømes 13–8).

Ballen skal ha ein omkrins på 66–68 cm, ei vekt på 260–280 g og eit lufttrykk på 0,175–0,225 kg/cm². Han kan gjerne vera fleirfarga.

Norske spelarar i verdstoppen

I 1995 blei Bjørn Maaseide og Jan Kvalheim vinnarar av verdsserien. Dei blei også europameistrar i 1994. Vegard Høidalen og Jørre André Kjemperud blei europameistrar i 1997 og tok bronse under VM i 2001. Iver Horrem deltok saman med Bjørn Maaseide i OL i Athen i 2004. Duoen blei nummer fem i EM same året.

Ragni Hestad og Merita Berntsen Mol tok EM-sølv i 1995 og deltok under dei olympiske leikane i Atlanta i 1996. Nila Håkedal og Ingrid Mogstad Tørlen har sølv frå EM i 2008 og andreplass frå World Tour i Kristiansand.

Anders Berntsen Mol og Christian Sandlie Sørum er det seinaste norske paret i den ypparste verdseliten. Duoen vann OL-gull i Tokyo i 2021 og VM-gull i 2022. Dei har eit tosifra tal sigrar i verdsserien og vann dessutan verdsseriefinalen i 2018, 2021 og 2022. Mol og Sørum blei europameistrar fire år på rad i perioden 2018 til 2021.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg