Christian Sørum. Av /NTB. Begrenset gjenbruk

Christian Sørum

Faktaboks

Christian Sørum

Christian Sandlie Sørum

Født
3. desember 1995
Sørum og Mol i Sveits sommeren 2018, noen dager før EM. Duoen vant både EM-gull og verdensseriefinalen i 2018. Mol til venstre, Sørum til høyre.

Artikkelstart

Christian Sørum er ein norsk volleyballspelar frå Rælingen i Viken. Han utgjer saman med lagkamerat Anders Mol det mestvinnande norske laget i verdsserien i sandvolleyball. Dei slo gjennom og etablerte seg i den absolutte verdseliten i 2018. Tre år seinare debuterte dei i OL i Tokyo, der dei vann gull. Dette var Norges første OL-medalje i volleyball. Duoen vann òg verdsseriefinalen i 2018 og 2021 og EM-gull både i 2018, 2019, 2020 og 2021.

Karriere

Christian Sørum spelte som gutunge også fotball på heimstaden Rælingen, men han valde som trettenåring å satse på sandvolleyball. Han hadde fleire ulike lagkameratar før han og Anders Mol fann kvarandre i 2016.

Sørum tok gull i junior-EM saman med Runar Sannarnes i 2014, før det vart eit nytt gull i junior-EM med Mol som makker i 2016.

Allereie same året kom Sørum og Mol til kvartfinalen i Major-turneringa i Klagenfurt. I 2017 kom duoen på niandeplass i Major-turneringane i Gstaad og Poreč.

I 2018 fekk Sørum og Mol det store gjennombrotet i verdseliten. I juli gjekk dei først til topps i femstjernersturneringa i Gstaad, før dei veka etter vann EM i Nederland. Her gjekk dei gjennom meisterskapen utan å tape ein einaste kamp. I finalen slo dei Latvia 2–0. Det var det første norske EM-gullet i sandvolleyball sidan 1997.

I august vann dei nok ei prestisjefylt turnering, då dei gjekk til topps i masterturneringa i Wien. Dei vart også rangerte som det beste laget i verda på verdsrankingen.

Seinare same månaden vann dei si fjerde strake turnering og sigra i verdsseriefinalen i Hamburg. Nordmennene vann 2–0 over Polen i finalen. Sørum vart etter sesongen kåra til årets forsvarsspelar av verdas internasjonale volleyballforbund.

I 2019 deltok Sørum og Mol for første gong i VM. Duoen tok bronsemedalje i debuten etter å ha slege amerikanske Bourne/Crabb 21–15 og 15–10 i bronsefinalen. Seinare tok dei EM-gull for andre året på rad. Dei passerte og Jan Kvalheim og Bjørn Maaseide som mestvinnande norske par i verdsserien, då dei tok sin åttande triumf med siger i Gstaad. Sørum vart i desember 2019 kåra til den beste forsvarsspelaren i verda for andre året på rad.

Store delar av 2020-sesongen vart avlyst på grunn av koronakrisa, men Sørum og Mol avslutta sesongen med å ta sin tredje EM-tittel på rad. Duoen slo dei regjerande verdsmeistrane Oleg Stoyanovskiy og Vjatsjeslav Krasilnikov 2-0 i finalen.

OL-gull i Tokyo

I april 2021 var paret tilbake i si første turnering i verdsserien på eitt og eit halvt år. Nordmennene vann turneringa i Cancún i Mexico, etter at dei slo Cherif Samba og Ahmed Tijan frå Qatar 2–0 i finalen. Dei vann og den påfølgjande turneringa same stad.

Under oppkøyringa mot OL i Tokyo leverte dei derimot svakare resultat. Dei siste tre turneringane før leikane skulle starte, kom ikkje Mol og Sørum på sigerspallen – med ein 17. plass i Sochi som den svakaste plasseringa. Det var difor knytt ei viss spenning til kva gullkandidatane kunne få til i sjølve OL.

I opningskampen tok nordmennene ein knapp siger med 2–1 over Australia. Dei heldt fram med 2–0 over Spania, før eit tap for russiske Semenov og Lesjukov gjorde at det vart andreplass i pulja. Motstanden i åttandedelsfinalen vart tøffare enn han ville ha vore med puljesiger, men Mol og Sørum byrja å få dreis på spelet og vann 2–0 over Nederland. Spenninga var stor framfor kvartfinalen, der nordmennene møtte Semenov og Lesjukov, som dei tapte mot i puljefinalen nokre dagar før. Men også her viste det norsk paret solide takter og tok seg vidare til semifinalen med siger i to strake sett.

I semifinalen spelte Mol og Sørum opp mot sitt beste. Dei utklassa Latvia med komfortable 2–0. I den andre semifinalen sikra russiske Krasilnikov og Stojanovskij seg finalebillett etter 2–0 mot Qatar.

Russarane kom best i gang i finalen og var oppe i 4–8, før Mol og Sørum kom meir med i kampen. Dei vann det første settet 21–17 etter sterkt spel i blokk og forsvar. Det andre settet vart jamnare frå start, før nordmennene drog i frå og vann 21–18. OL-gullet var den første norske medaljen i olympisk volleyball til Norge nokon gong.

Åtte dagar seinare vann Mol og Sørum gull i EM for fjerde gong på rad, etter siger mot nederlandske Boermans og de Groot i finalen. I oktober avslutta dei sesongen 2021 med å vinne verdsseriefinalen med 2–0 over tsjekkiske Ondrej Perusic og David Schweiner.

Beachvolley Vikings

Duoen Mol og Sørum er ein del av treningsgruppa Beachvolley Vikings, som også består av Mathias Berntsen og Mols storebror Hendrik Mol. Trenar for satsingsgruppa er Mol-brørnes far, tidlegare landslagsspelar Kåre Mol. Assistenttrenar er Jetmund Berntsen, far til Mathias Berntsen og onkel til Anders Berntsen Mol. Mol-brørnes mor, Merita Berntsen Mol, er sjølv tidlegare sandvolleyballspelar og OL-deltakar. Ho er mentaltrenar for duoen Mol og Sørum.

Merittar

  • Olympisk meister 2021
  • Europameister 2018, 2019, 2020 og 2021
  • Vinnar av verdsseriefinalen 2018 og 2021
  • Fleire sigrar i verdsserien
  • Bronse i VM 2019
  • Årets lag på Idrettsgallaen 2020 og 2022
  • Årets lag i Europa 2021
  • To EM-gull for juniorar

Sigrar i verdsserien, stad og dato

  • Gstaad, 14. juli 2018
  • Wien, 5. august 2018
  • Hamburg, 18. august 2018
  • Las Vegas, 21. oktober 2018
  • Itapema, 19. mai 2019
  • Jinjiang, 26. mai 2019
  • Ostrava, 2. juni 2019
  • Gstaad, 13. juli 2019
  • Tokyo, 28. juli 2019
  • Wien, 4. august 2019
  • Cancún, 20. april 2021
  • Cancún, 26. april 2021
  • Cagliari, 10. oktober 2021

Klubbar innandørs

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg