Volleyball

Volleyball. Bane med internasjonale mål.

Av /Store norske leksikon ※.

Volleyball er eit ballspel mellom to lag som har seks spelarar kvar, der føremålet er å spele ballen over nettet slik at han treffer golvet på banehalvdelen til motstandarane. Det er tillate å bruke kva del som helst av kroppen for å spele ballen, bortsett frå når ein skal serve – då er det berre lov å bruke handa eller ein annan del av armen.

Faktaboks

Uttale
vˈåli-

Når ballen er i spel, har det mottakande laget tre ballberøringar på seg til å returnere ballen over til motstandarane. Laget som får ballen i golvet på banehalvdelen til motstandarane, eller som får motstandarane til å gjere ein feil, får eitt poeng og retten til å serve. Når eit lag finn retten til å serve, roterer dette laget på posisjonane sine. Det vil seie at spelarane roterer ein plass med klokka.

Volleyball er ein av verdas mest utbreidde idrettar rekna i talet på utøvarar. Fordi volleyball er utan kroppskontakt, er det godt eigna til skuleidrett, mosjonsidrett og handikapidrett.

I Noreg har sandvolleyball fått mest merksemd etter at Bjørn Maaseide klarte å få verdsturneringa i sandvolleyball til Stavanger i 1999 og VM i sandvolleyball til Stavanger i 2009. Frå 2007 fekk Noreg si andre World Tour-turnering i Kristiansand, og i 2021 vart duoen Anders Mol og Christian Sørum olympiske meistrar.

Ordinær volleyball

Volleyball

Frå ein volleyball-kamp mellom Russland (i raudt) og Tyskland under VM for kvinner i Japan 2006. Den russiske spelaren prøver å smashe forbi den tyske blokken. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Bane og ball

Banen er 18 meter lang og 9 meter brei med eit dekke av tre eller kunststoff. Banen er delt i to like store banehalvdelar av eit nett som er 9,50–10 meter langt og 1 meter høgt. Nettet er festa til to nettstolpar som står 0,5–1 meter utanfor sidelinjene.

Netthøgda, altså avstanden frå golvet og opp til den øvre kanten av nettet, er 2,43 meter for menn og 2,24 meter for kvinner. Over sidelinjene har nettet to antenner som avgrensar området ballen kan passere. Vidare er kvar banehalvdel delt inn i ei frontsone på tre meter og ei baksone på seks meter. Det er berre dei spelarane som står framme ved nettet, som kan angripe ein ball som er over vertikalplanet i nettet innanfor frontsona.

Ballen skal vere laga av naturleg eller syntetisk skinn med ei luftfylt gummiblære innvendig. Fargen er einsfarga lys eller ein kombinasjon av fargar. Ballen skal ha ein omkrins på mellom 65 og 67 cm, og ei vekt på 260–280 gram. Lufttrykket i ballen skal liggje på mellom 0,300–0,325 kg/cm². Dersom det blir spelt med fleire ballar, skal alle ballane vere like.

Poengberekning

Ein kamp blir spelt til best av fem sett. Det vil seie at det laget som først vinn tre sett, vinn kampen. Kvart sett går til 25 poeng, med unntak av tiebreak (det femte settet), som går til 15 poeng.

Alle sett må vinnast med minst to poeng. På stillinga 24–24 held settet fram til eit lag kjem opp i to poengs leiing. Det er inga avgrensing på dette, til dømes kan eit sett ende 34–32. Det blir gitt poeng på alle ballvekslingane.

Spelet

Spelet startar med ein serve. Kven som servar, og kva side ein startar på, blir avgjort med myntkast før kampen. Serven blir utført ved at spelaren som står bak til høgre – i posisjon 1 – kastar ballen opp eller slepper ballen ned for så å slå han med ei hand eller ein del av armen. Det kan anten vere ein underarmsserve, ein overarmsserve eller ein hoppserve. Ein hoppserve er ein overarmsserve med tilløp.

I den augeblinken serven går, må alle spelarane stå i rett posisjon i forhold til kvarandre. Ein må stå bak den spelaren ein har rett framfor seg, og på rett side av dei spelarane ein har ved sida av seg. Etter at serven er gått, kan spelarane stå kvar som helst i forhold til kvarandre, men dei som er bakspelarar, kan ikkje utføre ein blokk eller angripe dersom dei tek sats innanfor angrepslinja.

Vanlegvis er det første slaget etter serven eit baggerslag. Dette er eit slag der ballen treffer begge underarmane samstundes. Ballen går så opp mot nettet, der ein oppleggjar vil leggje til rette ballen ved hjelp av eit fingerslag. Fingerslag blir utført med begge hendene over hovudet og handflatene vendt opp slik at fingrane dannar ei skål. Angrepet blir avslutta med ein smash, som er eit hardt einhandsslag etter at ein har hoppa. Føremålet med smashen er å slå ballen nedover mot banehalvdelen til motstandarane på den andre sida av nettet.

Det servande laget vil no prøve å hindre ballen i å kome over nettet ved å danne ein blokk av ein eller fleire framspelarar. Blokken blir utført ved å strekkje armane over nettet for å hindre ballen i å kome over. Ei blokkberøring tel ikkje som ei av dei tre ballberøringane laget kan ha.

Kvart lag har rett til to timeoutar i kvart sett. Kvar timeout varer i 30 sekund. I eliteserien blir det det gitt to tekniske timeoutar idet eitt av laga får 8 og 16 poeng, men det er ingen timeout i eit femte og avgjerande sett (tiebreak).

Liberospelaren

Kvart lag har rett til å nytte seg av ein libero, som er ein spesialisert forsvarsspelar. Denne spelaren kan bytast inn og ut uavhengig av dei seks ordinære spelarbyta laget har. Liberoen har ikkje lov å angripe på ein ball som er høgare oppe i lufta enn den øvre kanten av nettet, og han har heller ikkje lov til å delta i eit blokkforsøk. Ein ball som ein liberospelar legg med fingerslag idet han er i frontsona, kan det ikkje angripast på så lenge ballen er høgare oppe i lufta enn den øvre kanten av nettet.

Funksjonærar

Ein kamp blir leidd av ein førstedommar som sit på ein krakk med hovudet rundt 50 cm høgare enn nettkanten, og ein andredommar som er på golvet på motsett side av nettet i nærleiken av sekretærbordet. I tillegg er det to eller fire linjedommarar og ein sekretær som fører kampskjema.

Historie

Oslo Volley
Oda Ulveseth og Ingrid Lunde frå Oslo Volley feirar NM-gull og kongepokal i 2017, etter siger i finalen mot Randaberg.
Av /NTB Scanpix.

Volleyball blei konstruert av KFUM-leiaren William G. Morgan i 1895. Den gongen blei spelet kalla for mintonette. Spelet kom til Europa med amerikanske soldatar under første verdskrigen.

Det Internasjonale Volleyballforbundet, Fédération Internationale de Volleyball (FIVB), blei stifta i 1947. Det har hovudsete i Lausanne i Sveits, og er med 220 medlemsland (per 2009) det største internasjonale særforbundet i verda. VM blir arrangert kvart fjerde år, frå 1949 for menn, frå 1952 for kvinner. Volleyball er ein olympisk idrett for begge kjønn frå 1964. Eit europeisk volleyballforbund, Confédération Européenne de Volleyball (CEV), blei stifta i 1963. EM blir arrangert annakvart år, frå 1948 for menn, for kvinner frå 1949.

Volleyball i Noreg

Volleyball blei under namnet nettball innført til Noreg i 1936 av Arbeidernes Idrettsforbund, og var særleg tenkt som kvinneidrett. Norges Volleyballforbund blei stifta i 1946 med NM for begge kjønn frå same år. Fram til og med 1969 blei NM-finalane spelte utandørs.

Sandvolleyball kom til Noreg midt i 1980-åra, med NM frå 1993. Kjende norske spelarar er Jan Kvalheim og Asbjørn Vølstad, i sandvolleyball para Jan Kvalheim / Bjørn Maaseide (EM-gull 1994 og vinnarar av verdsserien sesongen 1994/1995), Anders Mol / Christian Sørum (OL-gull i 2021, VM-gull i 2022, vinnarar av verdsfinalen i 2018 og EM-gull i 2018, 2019, 2020 og 2021), Vegard Høidalen / Jørre André Kjemperud (EM-gull 1997), Merita Berntsen / Ragni Hestad (EM-sølv 1995), Kathrine Maaseide / Susanne Glesnes (EM-sølv 2004) og Nila Håkedal / Ingrid Mogstad Tørlen (EM-bronse 2007).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg