Kåre Mol var ein markant spelar i norsk volleyball på 1980-talet. Han vart først kjend som spelar på Skien-laget Gimsøy, der han var lagkamerat med mellom andre Jan Kvalheim. På denne tida byrja norske spelarar å få proffkontraktar med klubbar i Europa, og Mol gjekk i 1983 frå Hellerasten til Delta Lloyd Amstelveen i Nederland.
Tre år seinare kom han tilbake til Noreg, der han frå 1986 var ein sentral spelar for Randaberg. I 1988 vart han spelande trenar for klubben, og rogalendingane vann sin første NM-tittel i 1989.
Sommaren 1989 takka Mol ja til eit tilbod om å bli spelande trenar for Skien VBK. Med Mol som sentral figur i klubben vann Skien både grunnspelet og sluttspelet i eliteserien i 1991.
Mol var igjen spelande trenar for Randaberg frå 1991 til 1993, og frå 1992 kombinerte han denne jobben med å vere trenar for det norske herrelandslaget. I 1993 melde han overgang til Nyborg i Bergen, samstundes som han vart tilsett som klubbutviklar i Hordaland volleyballkrets.
I 1994 trappa Kåre Mol ned spelarkarrieren og vart trenar for Fyllingen sitt elitelag for damer. Laget vart noregsmeistrar med siger i cupfinalen i 1995.
Mol spelte 94 kampar for det norske herrelandslaget innandørs.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.