Merita Berntsen Mol

Faktaboks

Født
24. februar 1969

Merita Berntsen Mol, norsk tidlegare volleyballspelar frå Naustdal i Sunnfjord. Ho har fleire EM-medaljar i sandvolleyball og var OL-deltakar i 1996.

Karriere innandørs

Merita Berntsen Mol starta å spele volleyball i det blomstrande miljøet i Tambarskjelvar på 1980-talet. Ho vart teken ut på juniorlandslaget som 14-åring, og berre 16 år gammal var ho på seniorlandslaget. Ho flytte til Sandnes for å satse, og der vart ho snart så god at ho i 1991 fekk tilbod om å spele for University of California Santa Barbara i USA. Der vart ho teken ut på All American 2nd Team i den første sesongen. Mol fekk tilbod om å spele for den italienske toppklubben Perugia, men valde å takke nei.

Merita Berntsen Mol har spelt 64 landskampar for Noreg.

Karriere utandørs

Under ei landslagssamling i Stavanger tok Mol med seg Ragni Hestad på stranda for å spele sandvolleyball. Der fekk dei ein idé om å satse på sandvolleyball saman. Dei melde seg på nokre turneringar og fekk gode resultat. I 1994 vann dei NM på første forsøk. I EM same året kom dei til kvartfinalen og bestemte seg for å satse mot OL i 2000.

Mol og Hestad tok sølv i EM i 1995 og bronse i EM i 1996. Då sandvolleyball i 1996 stod på OL-programmet for første gong, var duoen allereie kvalifisert. Under OL i Atlanta vart dei nummer ni, etter at tyske Beate Bühler og Danja Musch vart for sterke i den tredje og avgjerande kampen. Etter OL valde Mol å leggje opp. Motivasjonen var borte etter nokre krevjande år med mykje reising.

Merittar

  • OL-deltakar i 1996 (niandeplass).
  • EM-sølv 1995, EM-bronse 1996.
  • Sjuandeplass i World Tour.
  • Tre NM-gull innandørs.
  • To NM-gull utandørs.

Klubbar

  • Tambarskjelvar
  • Sandnes
  • University of Santa Barbara
  • Fyllingen
  • Trio

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Rune Fossum Lillesvangstu: 50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane (2017).

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg