Faktaboks

Ingeborg Hoff
Fødd
15. november 1911, Brandbu, Hadeland
Død
8. april 1993, Oslo
Verke
Filolog
Familie

Foreldre: Distriktslækjar Hans Christian Hoff (1876–1951) og Karen Dorothea Larssen (1882–1949).

Ugift.

Ingeborg Hoff var ein norsk filolog og arkivstyrar. Ho skreiv ei rad studiar av austlandsmål og arbeidde med eit norsk dialektatlas.

Bakgrunn

Ingeborg Hoff var fødd i Brandbu (no Gran) i Oppland. Ho tok latinartium ved Frogner skole i 1929, vart cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1937 og dr.philos. i 1948. Emnet for doktoravhandlinga var skjetvemålet, dialekten i Skiptvet i Østfold.

Målføre og målsak

Frå 1948 var ho førstearkivar ved Norsk målførearkiv, i 1970 vart ho dosent i dialektologi, og i perioden 1972–1981 var ho styrar for arkivet.

Hoff gav ut ei rad større og mindre målførestudiar, mellom anna av numedalsmålet, målet i Aurskog og Høland, målet i Heggen og Frøland, i Hadsel og i Moss. På engelsk skreiv ho eit oversyn over dialektane i Nord-Noreg. Ho arbeidde òg med eit norsk dialektatlas, eit arbeid som vart starta i Norsk målførearkiv i 1951, men som ikkje vart fullført.

Norsk språknemnd skulle opprettast, kom ho i 1949 som einaste kvinne med i mandatnemnda og leverte eit markant særvotum til framlegget til føremålsparagraf. Doktoravhandlinga hadde ho skrive på radikalt bokmål, men ho gjekk snart over til tradisjonell nynorsk. Ho var styremedlem i Norsk Måldyrkingslag, og ei tid i 1960-åra var ho òg leiar for laget.

Under okkupasjonen 1940–1945 sat ho ni månader på Grini for illegal verksemd. Ho var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1949.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olav T. Beito ofl. (red.): Opphav og samband. Utgreiingar om norske målføre. Heidersskrift til Ingeborg Hoff på 70-årsdagen 15. november 1981. Oslo 1981
  • Andreas Bjørkum: «Ingeborg Hoff til minne», Talatrosten 1993. Oslo 1993
  • Arnold Dalen: «Ingeborg Hoff 1911–1993», Norsk lingvistisk tidsskrift, nr. 2/1993
  • Ingeborg Hoff: Framlegget til fast språknemnd. Vestlandske Mållag, Voss 1950
  • Ingeborg Hoff: Skjetvemålet. Oslo 1946
  • Tryggve Juul Møller (red.): Studentene fra 1929. Oslo 1954
  • Kjell Venås: «Minnetale over professor dr.philos. Ingeborg Hoff». Årbok 1993. Det Norske Videnskaps-Akademi, Oslo 1993

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg