arkivar

Ein arkivar er ein fagperson som arbeider med danning av aktive arkiv i offentlege eller private verksemder og organisasjonar, eller med bevaring og tilgjengeleggjering av eldre og avslutta arkiv i arkivsinstitusjonar.

Faktaboks

Uttale
arkivˈar

Både Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag ved OsloMet og Institutt for lærarutdanning ved Noregs teknisk-vitskaplege universitet (NTNU) tilbyr bachelorprogram for utdanning av arkivarar. Studiet arkivvitskap ved OsloMet omfattar både arkivdanning og -bevaring med hovudvekt på elektroniske arkiv. Studiet arkiv- og samlingsforvaltning ved NTNU legg hovudvekta på bevaring og omfattar òg museumsforvaltning.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg