Håkon 3. Sverresson var norsk konge frå 1202 til 1204. Han var son av kong Sverre, og etter at faren døydde, blei Håkon anerkjend av birkebeinarane og vald til konge på Øyratinget.
Håkons viktigaste embetshandling var heimkallinga av dei landflyktige biskopane sommaren 1202 og det påfølgjande forliket mellom kyrkja og kongedømet. Biskopane hadde reist frå landet under kong Sverre på grunn av konflikten mellom Sverre og kyrkja. Då Håkon blei konge, kom biskopane tilbake til Noreg, og dei inngjekk forlik. I tillegg gjekk også baglarflokken, Sverres motstandarar, i oppløysing, og heile folket gav seg inn under kong Håkon.
Håkon døydde brått 1. nyttårsdag 1204. Baglarsogene oppgir at stemora, enkedronning Margrete, drap han med gift.
Håkon var far til Håkon Håkonsson.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.