tsjetsjensk

Artikkelstart

Tsjetsjensk er eit språk som høyrer til den til den nordkaukasiske språkfamilien. Tsjetsjensk er offisielt språk i dei russiske republikkane Tsjetsjenia (i tillegg til russisk) og Dagestan (i tillegg til tolv andre kaukasiske språk og russisk).

Faktaboks

Språkkoder
ce, che (CE, CHE)
ISO-639:3
che

Tsjetsjensk er førstespråket til meir enn 1,3 millionar menneske. Av dei bur 100 000 i Georgia, Jordan, Kasakhstan, Kirgisistan, Syria, Tyrkia, Tyskland og Usbekistan. Resten bur i Tsjetsjenia.

Endonymet for språket er noxči mott нохчи мотт, og noxčo нохчо tyder 'tsjetsjenar'. Tsjetsjenia heiter Noxčiičö Нохчийчоь, med hovudstaden Sölža-Ghala Соьлжа-ГІала, som heiter Groznyj Грозный 'trugande', 'skremmeleg' på russisk.

Språkfamilie

Tsjetsjensk høyrer til den nordkaukasiske språkfamilien, saman med 33 andre språk. Familien har to hovudgreiner: austkaukasisk og vestkaukasisk. Austkaukasisk har sju greiner, og ei av dei er nakh, som igjen har to greiner, batsi og tsjetsjensk-ingusjisk. I den sistnemnde greina finn vi tsjetsjensk og ingusjisk.

Språkhistorie

På 1500-talet byrja islamiseringa av Tsjetsjenia. Det meste som blei skrive i landet, var på arabisk, men også noko på tsjetsjensk i arabisk skrift. I 1925 gjekk ein over til det latinske alfabetet, som var i bruk til 1938, då det kyrilliske alfabetet tok over. I denne artikkelen skriv vi tsjetsjensk med både den latinskbaserte rettskrivinga frå 1925–1938 og med den seinare kyrilliskbaserte.

I 1992, året etter at Tsjetsjenia reiv seg laus frå Russland, blei ei ny latinskbasert rettskriving innført. Ho gjekk av bruk att etter at Russland igjen tok over makta i 2000.

Språksystem

Tsjetsjensk har seks genus, som blir uttrykte ved hjelp av ulike prefiks på ein del adjektiv og verb:

Nummer
Eintalsprefiks
Fleirtalsprefiks
1
v- в-
b-/d- б-/д-
menneske, hankjønn
2
y- й-
b-/d- б-/д-
menneske, hokjønn
3
y- й-
y- й-
ikkje-menneske
4
d- д-
d- д-
5
b- б-
(b-) (б-)
6
b- б-
d- д-

Det finst nokre få substantiv som viser til menneske i dei andre genusa, til dømes bera бера 'barn'. Setningane nedanfor viser korleis systemet fungerer. Bindestreken etter prefikset er ikkje med i vanleg rettskriving:

Substantiv
Adjektiv
Verb
Genus 1, eintal
Stag
Стаг
v-eza
веза
v-u
ву
'Mannen er tung.'
Genus 2, eintal
Zuda
Зуда
y-eza
еза
y-u
ю
'Kvinna er tung.'
Genus 2, fleirtal
Zudari
Зудари
b-eza
беза
b-u
бу
'Kvinnene er tunge.'
Genus 3, eintal
Yett
Етт
b-eza
беза
b-u
бу
'Kua er tung.'
Genus 3, fleirtal
Ẋelii
Хьелий
d-eza
деза
d-u
ду
'Kyrne er tunge.'

Setningane ovanfor viser òg at tsjetsjensk er eit SOV-språk, det vil seie at setninga tek til med subjekt (S), sluttar med verb (V) og har andre ledd mellom S og V, mellom anna objekt (O).

Lånord

Medan tsjetsjenarane kallar landet sitt Noxčiin Respublika Нохчийн Республика 'Den tsjetsjenske republikken' eller Noxčiičö Нохчийчоь 'Tsjetsjenia', kallar russarane det Čečenskaja Respublika Чеченская Республика eller Čečnja Чечня, som også er opphavet til norsk tsjetsjensk og Tsjetsjenia. Rota čečen чечен i det russiske namnet kjem av Čečan Чечан – namnet på den første tsjetsjenske byen russarane kom i kontakt med.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg