Språkgruppe er ei gruppe språk som deler visse trekk. Germanske språk er eit døme på ei språkgruppe.

Ordet kan også brukast om ei gruppe menneske som deler eit språk. Til dømes kan kvensktalande innbyggjarar i Noreg bli kalla ei språkgruppe.

Fagtermen språkgruppe

Som fagterm eller som språkvitskapleg omgrep har «språkgruppe» ein mindre presis referanse enn språkfamilie, som er ei gruppe språk som stammar frå eit felles urspråk. Nemninga språkfamilie er ein metafor, og ein kan òg snakke om språkslektskap.

Ei språkgruppe er som oftast ei undergruppering av ein språkfamilie. Av og til blir også ordet språkgrein brukt i staden for språkgruppe om dette undernivået. Språkfamilien svarer da til stammen på eit tre, språkgreinene er greiner på treet, og alle smågreinene som spring ut av ei større grein, er enkeltspråka.

Indoeuropeiske språkgrupper

Germansk, keltisk, italisk, slavisk og indoiransk er døme på språkgrupper i den indoeuropeiske språkfamilien. Dei germanske språka kan delast vidare inn i vestgermansk, nordgermansk og austgermansk (gotisk – utdøydd). Nordgermansk består av dei nordiske språka dansk, norsk, svensk, islandsk og færøysk.

Her opererer ein med fire nivå. Med utgangspunkt i norsk kan ein eksemplifisere det slik:

norsk < nordisk < germansk < indoeuropeisk

Ein kunne òg innføre eit femte nivå, ved å skilje mellom austnordisk (svensk og dansk) og vestnordisk (norsk, islandsk og færøysk).

Der er ikkje heilt beinframt kva for nivå som bør kallast språkgruppe. Dette viser kor mangetydig omgrepet er, også i faglege samanhengar.

Annan bruk av ordet

I fleirspråklege samfunn, som Noreg er blitt i mykje større grad enn tidlegare, vil innvandrarar og etterkommarar av innvandrarar som snakkar eit bestemt språk, kunne bli omtalt som ei språkgruppe. Det kan til dømes vere dei som snakkar arabisk.

Ein snakkar òg om språkgrupper i undervisningssamanheng, til dømes språkgrupper for minoritetsspråklige eller for innvandrarkvinner. Nokre barnehagar deler barna inn i ulike språkgrupper for samisktalande og norsktalande barn. Eigne språkgrupper for kvensktalande barn kan også vere aktuelt.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg