Fleirspråklegheit er å kunne og å bruke fleire ulike språk. Omgrepet kan brukast om personar eller om språkbruk på gruppe- eller samfunnsnivå. Det finst fleire definisjonar, men den mest utbreidde i dag er at ein fleirspråkleg person er ein som kan fleire språk og brukar fleire språk til dagleg.

Faktaboks

Også kjend som

bokmål: flerspråklighet

Tidlegare var det vanlegare å bruke omgrepet tospråklegheit eller bilingvisme, og desse omgrepa kan brukast som synonym til fleirspråklegheit på norsk.

Fleirspråklege individ

Fleirspråklege personar har forståelse av flere språk og munnleg eller skriftleg kompetanse i fleire språk, og brukar desse språka til dagleg. Dette kan for eksempel vere personar som snakkar eit eller fleire språk i tillegg til majoritetsspråket i landet dei bur.

I Noreg gjeld dette for eksempel folk som snakkar eitt eller flere samiske urfolksspråk, eitt eller fleire nasjonale minoritetsspråk, eller eitt eller flere av dei nyare innvandrarspråka, i tillegg til norsk.

Fleirspråkleg praksis

Fleirspråklege personar brukar gjerne dei ulike språka sine på ulike måter. Det er vanleg at fleirspråklege personar brukar alle språka sine som ein samla ressurs i kommunikasjon med andre, utan at det treng å vere eit tydeleg skilje mellom dei ulike språka.

Viss ein fleirspråkleg person vekslar mellom språka sine undervegs i ein kommunikasjonssituasjon, for eksempel i ein samtale, blir det kalla kodeveksling.

Nokre gonger bruker fleirspråklege personar sine ulike språk i ulike kommunikasjonssituasjonar eller når dei kommuniserer med ulike personar. Val av språk kan både bli gjort av praktiske omsyn (for å bli forstått av samtalepartnaren), av omsyn til situasjonen (å snakke det språket som er vanlegast i den situasjonen, som på butikken), eller som eit uttrykk for identitet. Eit anna omgrep som blir brukt om slik fleirspråkleg praksis er transspråking.

Fleirspråklege samfunn

Omgrepet fleirspråkleg kan også brukast om eit samfunn. Då tyder det at mange menneske og grupper i samfunnet bruker fleire språk i det daglege.

Eit fleirspråkleg samfunn kan for eksempel vere eit land der nokre grupper brukar eit minoritetsspråk eller eit regionalspråk (språk som snakkast i ein region av landet) i tillegg til eit nasjonalspråk som blir brukt for å kommunisere med andre. Særs mange land i verda er fleirspråklege på denne måten.

Ein kan seie at Noreg er fleirspråkleg og alltid har vore det, sidan både samiske språk og norsk har vore brukt i landet i uminnelege tider. Det tyder ikkje at alle innbyggjarane snakkar både samisk og norsk, men at det er tradisjon for å bruke begge språka innanfor landegrensene.

Eit fleirspråkleg samfunn kan også vere eit diglossisk samfunn, der (så å seie) alle innbyggjarane brukar eitt språk i visse samanhengar og eit anna språk i andre samanhengar. For eksempel kan eitt språk bli brukt i offentleg tale, eller til religionsutøving, og eit anna språk bli brukt elles.

Fleirspråklegheit som ressurs

I det norske samfunnet i dag er det mange som peikar på at fleirspråklegheit er ein ressurs, både for individet og for samfunnet. Slik har det ikkje alltid vore. For eksempel har fornorskinga av samane og andre nasjonale minoritetar (særleg mellom 1850 og 1960) gått hardt utover deira språk og kultur.

Eit uttrykk for dagens syn på fleirspråklegheit finn ein i rammeplanen for barnehagen og læreplanverket for skulen. Her er fleirspråklegheit framheva som ein ressurs for enkeltbarnet og barnegruppa. Læreplanen i norsk har for eksempel «språkleg mangfald» som eit kjerneelement i opplæringa. Språkleg mangfald vil her seie både fleirspråklegheit, dei to norske skriftspråka og dei mange dialektane i Noreg, og omfattar såleis mange former for språkleg variasjon. I engelskfaget skal elevane no ikkje berre benytte seg av morsmålet når dei lærer engelsk, men alle språkene elevane kjenner til. Transspråking er eit pedagogisk grep der ein brukar fleirspråklegheit eller språkleg mangfald som ein ressurs i undervisningssamanheng.

Nokre forskarar meiner å ha funne at fleirspråklegheit kan henge saman med blant anna forbetring av matematisk dugleik, kreativitet, innlæring av nye språk og andre kognitive fordelar.

Ulike definisjonar

Fleirspråklegheit kan definerast med utgangspunkt i språkleg kompetanse, språkleg praksis, identitet eller opphavet til at personen kan fleire språk.

Språkleg kompetanse

Tidlegare var det vanleg å definere fleirspråklege personar som personar som meistrar to eller fleire språk like godt som einspråklege personar meistrar språket sitt. Denne definisjonen er ikkje vanleg i dag, sjølv om nokre definisjonar inkluderer kompetanse. No seier ein heller at fleirspråklege kan «forstå» fleire språk, eller at dei kan «produsere meiningsfulle ytringar» på fleire språk.

Språkleg praksis

Fleirspråklegheit kan også definerast ut frå bruk av fleire språk. Då seier ein for eksempel at fleirspråklege er dei som kan (og ofte må) bruke fleire språk i det daglege livet.

Identitet knytt til språk

Fleirspråklege kan definerast som personar som har ein fleirspråkleg identitet, eller som blir sett på som fleirspråklege av andre. Nokre gonger blir ein fleirspråkleg identitet knytta eksklusivt til personar med innvandrarbakgrunn, men dette er ein svært begrensande definisjon, sidan fleirspråklegheit kan definere kven som helst, same kva etnisk bakrunn eller tilhøyre dei har.

Opphavet til fleirspråklegheit

Opphavet til at ein person er fleirspråkleg har særleg vore ein viktig definisjon for forskarar med interesse for språkutvikling, sidan ein reknar med at barn og vaksne tileignar seg språk på ulike måtar. Difor deler ein gjerne definisjonen av fleirspråklegheit i to:

  • Personar som har tileigna seg fleire språk frå fødselen av (simultant fleirspråklege)
  • Personar som har vekse opp med eitt språk og så lært eit eller flere nye språk seinare i livet etter at det første språket var etablert (suksessivt fleirspråklege)

I den første situasjonen har personen to eller fleire førstespråk, og i den andre situasjonen har personen eitt førstespråk og eitt eller flere andrespråk.

Barn som veks opp med eit minoritetsspråk heime, men som byrjar å tileigne seg majoritetsspråket tidleg i livet (til dømes når dei byrjar i barnehagen), er ofte rekna for å kunne dette andrespråket langt betre enn dei som lærer eit andrespråk som vaksne. Nokre språkforskarar meiner difor at desse også skal reknast som simultant fleirspråklege, medan andre meiner språkutviklinga deira er så unik at den bør ha eit eige omgrep (for eksempel tidleg andrespråksutvikling).

Les meir i Store Norske Leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg