Buddhistiske munkar i Kambodsja

Som fullt ordinert munk skal ein følge mange levereglar. Blant dei viktigaste av desse reglane er seksuelt fråhald.

Munker i Assisi

Katolske munkar i Assisi i Italia avlegg tre klosterløfte. Løfte inneber blant anna strenge restriksjonar for seksualitet

Karmelittnonner
Karmelittnonne i Argentina i 2013, tek til liks med andre nonneordenar klosterløfte. Løfta inneber ei livslang forplikting til å følgje reglane i klosteret og den religiøse ordenen. Kor strenge reglane er variere mellom dei ulike ordenane, men inneber alltid sølibat
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Sølibat er det å leve utan seksuell aktivitet. I dei fleste religionar finst det sølibat i form av seksuelt fråhald i kortare periodar, spesielt i samband med bestemte rituelle tilstandar (innviing, sørgeritar). I buddhismen, hinduismen og kristendommen finst livsvarig sølibat, men berre som livsform for spesielle grupper eller individ, til dømes munkar, nonner eller prestar. Enkelte sekter praktiserer sølibat som universelt ideal, til dømes Shakers og skoptsy.

Faktaboks

Uttale
sølibˈat
Etymologi
latin caelebs, ‘ugift’, egentlig ‘en som bor alene’

Motivasjon

Ei vanleg grunngiving for livslangt sølibat er at presten, munken eller nonna skal vere fri for forpliktingar som kan avspore han eller henne frå den primære, religiøse oppgåva (kontemplasjon eller samfunnsteneste). Dette gjeld hinduasketar (sannyasin) og munkar og nonner i buddhismen (bhikkhu). Det gjeld også kristne munkar og nonner i den katolske kyrkja så vel som andre kyrkjer, men inneber i denne samanhengen inga nedvurdering av ekteskapet, som i den katolske, ortodokse og nokre andre kyrkjer er sett på som eit sakrament. Den katolske kyrkja har kravd sølibat av prestane sine sidan 1074. I den ortodokse kyrkja og i austkyrkjene kan ein gift mann presteviast, men ikkje bli biskop. Ugifte prestar kan derimot ikkje gifte seg.

Oppfatningar om at det å avstå frå seksuell aktivitet aukar den åndelege krafta i mennesket, tener også som motivasjon for sølibat, mellom anna i visse former for yoga. I kristendommen har den sterke tradisjonen som ser seksualitet som noko ureint, også motivert sølibatet.

Periodevis sølibat er mest karakteristisk i islam, der fråhald frå seksuell aktivitet er ein del av fasteforskriftene i månaden ramadan og såleis pålagt alle muslimar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Olav Andreas Moen

Hadde ei tante utdaqnne diakonisse som levde ugift. Måtte diakonissene utdanna ved Diakonissehuset leve i sølibat?

svarte Mari Paus

Hei! Vi har ikke noen fagansvarlig for Kristendom som kan svare deg på dette nå desverre. Beklager at spørsmålet ditt er blitt stående ubesvart. Mvh. Mari Paus

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg