Sverre Tusvik

Faktaboks

Sverre Tusvik
Født
24. april 1945, Ängelholm, Sverige

Artikkelstart

Sverre Tusvik er tidlegare sjefredaktør i Det Norske Samlaget. Som forleggjar og redaktør har Tusvik vore spesielt oppteken av å fremje nynorsk sakprosa.

Bakgrunn

Sverre Tusvik er fødd i Ängelholm i Sverige og voks opp i Høyanger i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han tok examen artium ved Sandefjord gymnas i 1965. Tusvik studerte først filosofi og fransk og blei cand.philol. med hovudfag i nordisk ved Universitetet i Oslo i 1975. Hovudfagsoppgåva hadde tittelen «Vegen från jag till vi. Sven Delblanc og den litterære debatten i 1960-åra. Nokre utviklingsdrag». Sverre Tusvik er far til komikaren Sigrid Bonde Tusvik og bror til forfattaren Marit Tusvik.

Forlagskarrieren

Tusvik blei tilsett i Det Norske Samlaget i 1976 og arbeidde der til han gjekk av med pensjon i 2012. Han var redaktør i Syn og Segn i 1977–1981, skulebokredaktør, deretter redaktør og redaksjonssjef for den skjønnlitterære seksjonen i Samlaget, og frå 1999 var han leiar for sakprosaavdelinga. Formelt er han gått av med pensjon, men han har arbeidd som frilansredaktør for forlaget også etter pensjon.

Han har vore redaktør for meir enn 800 bøker – biografiar, diktsamlingar, praktbøker, humorbøker og bøker om kulturhistorie. Han redigerte mellom anna dagbøkene til Olav H. Hauge og antok Jon Fosse som forfattar for forlaget. Tusvik er ein tydeleg forkjempar for nynorsk, særleg har han kjempa for å fremje nynorsk i sakprosabøker.

Anna engasjement

Tusvik har også mange verv i norsk kulturliv. Han var redaksjonsmedlem i Allkunne i 2009–2012, er med i NORLAs faglege råd for faglitteratur, er leiar av språkprisjuryen til Språkrådet og er med i juryen for NTBs språkpris og Samlagsprisen. Han er òg medlem av språkpolitisk råd i Det Norske Teatret og det faglege rådet for SILK (Skudeneshavn internasjonale litteratur- og kulturfestival).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • «Sverre Tusvik: Det norske Samlaget», Prosa nr. 5/2006

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg