Sofi Oksanen

Faktaboks

Sofi Oksanen
Født
7. januar 1977, Jyväskylä, Finland

Sofi Oksanen. Utrenskning. Oktober.

Bokomslag

Artikkelstart

Sofi Oksanen er ein finsk-estisk forfattar med finsk far og estisk mor. Ho skriv episk og fabulerande, mest i romanform, men også skodespel. Oksanen fekk Nordisk råds litteraturpris i 2010 for romanen Utrenskning, og var til då den yngste forfattaren som hadde fått denne prisen.

Oksanen er ein anerkjend forfattar, som har fått fleire prisar og har vorte omsett til mange språk. Ho tek ofte utgangspunkt i den estiske bakgrunnen sin og si store interesse for estisk historie.

Bakgrunn

Oksanen studerte litteratur ved universitetet i Jyväskylä og litteratur og kvinnestudium ved universitetet i Helsingfors, før ho i 2000 vart teken opp som student ved dramaturgistudiet ved Teaterhögskolan i Helsingfors.

Forfattarskap

Ho debuterte i 2003 med den kritikarroste romanen Stalins kyr (Stalinin lehmät, norsk utgåve 2009). Romanen portretterer livet til tre kvinner – mormor, mor og dotter – samtidig som boka behandlar estisk og finsk historie på 1900-talet. I 2005 gav ho ut Baby Jane (norsk utgåve 2011) – ein roman som går føre seg i Helsingfors i 1990-åra.

Tema

Kvinneidentitet høyrer til gjennomgangstematikken i verka til Oksanen dei to første tiåra av 2000-talet. Historisk og geografisk er tekstane forankra dels i eit okkupert, dels i eit post-sovjetisk Estland. Dei fleste av romanane i denne perioden er skrivne i ein realistisk sjanger. Denne tradisjonen bryt Oksanen med då ho i 2016 gav ut Norma. Her er surrealistiske element knytte inn i ein sterkt samfunnskritisk kontekst.

Utrenskning

Romanen Utrenskning (Puhdistus 2008, norsk utgåve 2010) er ei brei og levande skildring av estisk historie etter andre verdskrigen. For denne boka har Oksanen fått både Nordisk råds litteraturpris, Finlandiaprisen, Kalevi Jäntti-prisen og Runebergprisen, og avisa Helsingin Sanomat kåra romanen til den beste som til då var skriven på 2000-talet.

Romanen inngår i ein trilogi om okkupasjonstida i Estland, men tek òg opp tema som skam, svik, skuld og forsoning. Dei to andre bøkene i trilogien er debutromanen Stalins kyr og Da duene forsvant ().

Samfunnsengasjement

Oksanen tek del i offentlege debattar i tidsskrift og sosiale medium. Ho er spaltist i fleire finske aviser og tidsskrift, og ho er oppteken av menneskerettar, ytringsfridom og multinasjonal identitet.

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg