Arne Bjørndal

Faktaboks

Arne Bjørndal
Født
11. februar 1882, Hosanger (no Alver kommune og Osterøy kommune), Hordaland
Død
11. januar 1965, Bergen
Arne Bjørndal. Foto 1953.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Artikkelstart

Arne Bjørndal var forskar, folkemusikksamlar, folkemusikar og ekspert på talar og songar til bryllaup.

Bakgrunn

Arne Bjørndal var fødd i Hosanger (no Alver kommune og Osterøy kommune) i Nordhordland (no Vestland) og døydde i Bergen. Han hadde inga formell utdanning utover folkeskulen, men tok timar i musikkteori hos mellom andre Borghild Holmsen og Wilhelm Gomnæs i Bergen. Bjørndal byrja å spele fele i 10-årsalderen og kom i lære hos Ola Mosafinn. Han vann førstepremie på kappleik som 17-åring, og på same tid tok han til å samle inn og notere ned folkemusikk ved hjelp av eit eige notasjonssystem.

Folkemusikken

Som spelemann var Bjørndal aktiv som konsertutøvar og i radio, og han komponerte også teatermusikk. Han opptredde ofte som kjøkemeister, eit arbeid som låg til grunn for Skjemt og aalvor: Visor og songar i brudlaup og lag (3. utgåve 1909). Han var aktiv som organisasjonsmenneske, og skipa mellom anna Landslaget for Spelemenn i 1923, der han sat som formann fram til 1936.

Bjørndal gav ut Norske slaattar i 1907 og Gamle slaattar i 1929, begge i fem hefte kvar. Frå 1911 hadde han statsstipend, og han heldt fram med eit omfattande innsamlingsarbeid gjennom heile livet, også i form av lydopptak. Dette livsverket ligg til grunn for «Arne Bjørndals samling» ved Universitetet i Bergen.

Bjørndals viktigaste bøker er Ola Mosafinn (1922), Ole Bull og norsk folkemusikk (1940), Nasjonalinstrumentet Hardingfele: 1651–1951 (1951), samt – og fela ho let: Norsk spelemannstradisjon (1965, saman med Brynjulf Alver). Han var medredaktør for Norsk folkemusikk, serie 1: Hardingfeleslåttar (5 band, 1958–1967). Han skreiv òg ei mengd artiklar for aviser og tidsskrift, og eit utval av desse er samla i festskriftet til 70-årsdagen hans, Norsk folkemusikk (1952).

Utmerkingar

Bjørndal vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden i 1954.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alver, Brynjulf: «Arne Bjørndal», Norsk biografisk leksikon, bd. 3. Oslo 1999.
  • Alver, Brynjulf: «Kulturberaren Arne Bjørndal» i Spelemannsbladet 41, nr. 2 (1982), 6-7
  • Arne Bjørndals hundreårs-minne. Bergen 1982.
  • Benestad, Finn m.fl., red.: Norges musikkhistorie, b. 3, 1999, 283-84
  • Clausen, Conrad: "Arne Bjørndal – mannen og livsverket" i Hannaas, T. m.fl.: Vestmannalaget i 110 år, 1978, 458-554

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg