Side Brok

Side Brok i 2018
Av /Gonzales Photo/NTB.

Artikkelstart

Side Brok er ei hiphop-gruppe frå Ørsta. Gruppa rappar på sunnmørsdialekt om heimbygda og bygdekulturen på ein sjølvironisk, uhøgtideleg og lett sarkastisk måte. Side Brok er sunnmørsdialekt for «sid bukse», også kalla «saggebukse».

Side Brok leikar med musikksjangrar. Musikken er hiphop, men gruppa sjonglerer særleg med element frå jazz og reggae, og dels frå rock, funk og soul.

Etablering og medlemmar

Side Brok vart etablert i 2000 av Runar Gudnason (alias Sjef R / Thorstein Hyl III) og Bård Aasen Lødemel (alias Skatebård). I 2001 slutta tre nye personar seg til gruppa: Sambygdingane Oddgeir Kristensen (alias Odd G) og Knut Petter Sævik (alias Tunk), og Tore Brevik (alias Tore B) frå Ålesund. Til og med tredje plata var det tre faste medlemmar i gruppa: Gudnason som drivkraft, frontfigur, tekstforfattar og hovudrappar, Lødemel som backup-rappar og ansvarleg for rytmekomp saman med Gudnason, og Kristensen som bassist og gitarist. Frå fjerde plata var gruppa tilbake til den opphavlege duoen med Gudnason og Aasen Lødemel.

Frå bygd til by

Debuten Side Brok EP frå 2002.
Side Brok EP (2002)
Av /PinaDgreitt.

Gruppa debuterte med Side Brok EP i 2002. Gjennombrotet kom på by:Larm i 2004, og det same året kom albumet Høge Brelle. Under by:Larm i 2004 vann Side Brok NRK P3 sin Urørt-konkurranse og VG sin pris for beste liveband. Albumet Høge Brelle handlar om heimbygda, identitet og oppvekst og rånemiljøet i Ørsta og Volda.

Debutplata nådde eit breitt publikum, frå rånarar til akademikarar, men skapte òg debatt. Side Brok var kontroversielle i hiphop-miljøet. Dei var annleis, eldre, dei rappa på sunnmørsdialekt og leika i tillegg med musikksjangrar og humor. Dei har heller ikkje heldt på reindyrka kleskodar og andre kodar innanfor hiphopen. Mange opplevde difor gruppa som ein parodi på hiphop, og dei vart kritiserte for å vere useriøse og uekte.

Gruppa formidlar bodskapar med brodd, men på ein sjølvironisk, uhøgtideleg og lett sarkastisk måte. Heimlengsel og nostalgi går hand i hand med spark til jantelova og bygdedyret. Tekstforfattar Gudnason og dei andre medlemmene er utflyttarar som skildrar ei bygd og ein kultur dei kjenner godt.

I løpet av dei tre første platene flytta tematikken seg gradvis bort frå bygdekulturen til å verte meir generell, og produksjonen og musikken vart meir sofistikert og profesjonell, og også meir regissert. På den fjerde plata har Side Brok bevega seg tilbake til utgangspunktet både i innhald og tematikk og består av den opphavlege duoen Gudnason og Lødemel. Sjølv om talet på faste bandmedlemmer har gått ned, er gruppa ofte minst like mange som før på scena, og særleg dei tidlege medlemmene har ein tendens til å dukke opp.

Karakterar

Ekte Menn (2009)
Av /PinaDgreitt Records.

Tekstane til Side Brok er satiriske og humoristiske og vart av mange hylla som intelligente og originale. Frontfigur Runar Gudnason formidlar spøk og alvor gjennom to karakterar, Sjef R og Torstein Hyl III. Sjef R er hovudkarakteren, medan Torstein Hyl III kjem inn med sterkare, skarpare og mindre nyanserte meiningar. Namnet Torstein Hyl III er inspirert av den amerikanske rapparen Thirstin Howl III, som også er med på EP-en Side Brooklyn (2005). Då Gudnason tok til å skrive tekstar på slutten av 1990-åra, var han ikkje tøff nok til å framføre dei for andre, men han leika og eksperimenterte med stilarartar og sjangrar ved å finne opp fleire ulike karakterar og gi dei roller og personlegdom.

Sirkel Sag er ein annan karakter i Side Brok. Bak denne karakteren står Bård Aasen Lødemel og Runar Gudnason. Sirkel Sag er rappar om natta og bonde om dagen. Han har lurt i kulissane til Side Brok i mange år og har vore med på fire låtar. I 2016 gjekk Sirkel Sag solo og gav ut EP-en Ørsta Rådhus. Låten «Ørsta Rådhus» blei i 2020 stemt fram som tiårets beste låt i nordvest i ein konkurranse arrangert av Sunnmørsposten.

Regissør Turid Rogne følgde Side Brok gjennom platelanseringar og kvardagar, oppturar og nedturar frå 2003 til 2009. Arbeidet resulterte i dokumentarfilmen Heimegutar, som i april 2009 hadde premiere som opningsfilm under Den Norske Dokumentarfilmfestivalen i Volda.

Utmerkingar

I tillegg til dei to prisane Side Brok vann under by:Larm i 2004, var dei nominerte til Spellemannprisen i kategorien Årets Nykommer i 2004. Same år vart dei kåra til Årets nynorskbrukar av Nynorsk kultursentrum. I 2021 vart dei tildelt Storegutprisen saman med låtskrivar Gudnason.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg