Runar Gudnason

Faktaboks

Runar Gudnason

Torstein Hyl III

Sjef R

Født
21. januar 1972, Trondheim, Trøndelag
Runar Gudnason under utdelinga av Storegutprisen i 2021.
Av .

Artikkelstart

Runar Gudnason er rappar og frontfigur i hiphop-gruppa Side Brok.

Bakgrunn

Runar Gudnason er fødd i Trondheim i Sør-Trøndelag (no Trøndelag). Han er islandsk statsborgar, men voks opp i Hovdebygda i Ørsta i Møre og Romsdal. I siste halvdel av 1990-åra studerte Gudnason språk og media i tre år (1996–1999) ved Universitetet i Aalborg i Danmark. I denne perioden hadde han fleire ulike jobbar i Danmark, mellom anna innanfor film og TV. Sidan 2001 har musikk vore hovudgeskjeften hans.

Hiphop

Som tenåring var Gudnason interessert i hiphop, men han skreiv ikkje eigne tekstar før han flytta til Danmark. Tekstane vart ikkje framførte før hiphop-gruppa Side Brok vart starta i 2000. Innhaldet i tekstane er intelligent, originalt, satirisk og humoristisk. Tekstane handlar om heimstad, identitet og kvardagsliv, og Gudnason har skrive spesielt om rånemiljøet i Ørsta og Volda.

På scena med Side Brok figurerer Gudnason som artisten Sjef R og alter egoet Torstein Hyl III. Sjef R er hovudkarakteren, medan Torstein Hyl III kjem inn med sterkare, skarpare og mindre nyanserte meiningar enn Sjef R.

I tillegg til å arbeide som musikar og låtskrivar har Gudnason arbeidd med born og unge, mellom anna ved å halde skrivekurs og rap- og hiphop-kurs. I 2005 var han medregissør på dokumentarfilmen «Cph remix», ein film om ulovleg gatekunst i København. I 2013 var han regissør for Teatret Vårt si oppsetjing av teaterstykket Lilla av Jon Fosse.

Utmerkingar

Gudnason vart tildelt Storegutprisen i 2021, saman med Side Brok.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg