Bård Aasen Lødemel (Skatebård)

Faktaboks

Bård Aasen Lødemel
"Skatebård" eller "Sirkel Sag"
Født
14. mai 1976, Harstad, Troms og Finnmark
Bård Aasen Lødemel.
Av /SCANPIX.

Artikkelstart

Bård Aasen Lødemel er DJ, produsent og artist innanfor elektronisk musikk. Han er òg medlem av rapgruppa Side Brok. Han er òg kjend under namnet Sirkel Sag.

Bakgrunn

Bård Aasen Lødemel er fødd i Harstad i Troms (no Troms og Finnmark), men voks opp i Volda og Hovdebygda i Ørsta. Frå 1992 til 1995 gjekk han på Volda vidaregåande skule, frå 1995 til 1996 Viken folkehøgskole, før han tok nordisk og engelsk grunnfag ved Høgskulen i Volda (1997–1999) og sosialantropologi grunnfag ved Universitetet i Bergen (2001).

Musikkarrieren

Med artistnamnet Skatebård gav han i 1989 ut sitt første soloalbum, Skateboarding was a Crime. Sidan har Skatebård gitt ut album, vinyl-EP‑ar og ei rekkje remixar. For albumet Cosmos (2008) vart han nominert til Spellemannprisen i klassen elektronika.

Skatebård lagar fengjande elektronisk musikk, der albuma gjerne framstår som eit heilt DJ‑sett. Discorytmane er intense, og dei repeterande elementa frå synthesizeren gjer at albuma som heilskap får ein suggerande effekt.

Saman med Runar Gudnason, alias Sjef R / Thorstein Hyl III, var Aasen Lødemel med og etablerte hiphop-gruppa Side Brok i 2000. I ulike konstellasjonar, der Lødemel er backup-rappar og ansvarleg for rytmekomp, har Side Brok gitt ut fire album og fleire singlar. Side Brok rappar på sunnmørsdialekt, og dei vart kåra til Årets nynorskbrukar av Nynorsk kultursentrum i 2004. Med utspring i Side Brok har Aasen Lødemel saman med Gudnason også etablert fantasifiguren Sirkel Sag. I 2016 gav Sirkel Sag ut EP‑en Ørsta Rådhus.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg