Styresmaktene var merksame på at det i 1950 blei etablert ein organisasjon for homofile, Det norske forbundet av 1948 (DNF-48). Dette var ein av årsakene til at straffelovskommisjonen gikk inn for ein revisjon av §213 og §379, som ville ramme den type organisasjonsdanning DNF-48 representerte, det vil seie rettigheitsorganisasjonar for homoseksualitet. Det blei føreslått å endre §379 frå å sette straff for sambuarskap til å mellom anna hindre at personer under 21 år fikk adgang til arrangement for homoseksuelle. Ein av dei viktigaste funksjonane for DNF-48 i perioden forutan å kjempe mot §213 var nettopp å vere ein sosial møteplass, og organisasjonen organiserte både møter og festar. Endringsforslaget ville bety at organisasjonen i praksis ikkje ville kunne promotere sine arrangement eller komme med politiske ytringar. Dersom endringsforslaget skulle bli vedtatt, ville DNF-48 – som frå før var ein diskret organisasjon – bli tvungen fullstendig under jorda.
Eit av dei viktigaste aspekta ved endringsforslaget var tanken om at både samfunnet og ungdommen måtte vernast slik at homoseksualitet ikkje skulle få ei større utbreiing. Verneaspektet var også synleg i revisjonsforslaget til §213, der strafferamma blei føreslått auka til to år i fengsel, men som då kom til å gjelde forhold der ein person over 21 år hadde seksuell omgang med ein person mellom 18 og 21 år, og ved tilfelle av utnytting. Den føreslåtte ordlyden der «person» blei nytta, ville også gjere seksuelle handlingar mellom kvinner til eit straffbart forhold.
Revisjonsforslaget til §213 var også slik utforma at straff ofte kunne falle bort dersom «to personer er omtrent jevnbyrdige i alder og utvikling, eller når andre særlige grunner gjør det urimelig å anvende straff.» Dette syner at omsynet til individet blei forsøkt ivaretatt ut frå samtidas oppfatning om homoseksualitet som ein del av eit individ sin personlegdom, samstundes som at der for mange var ei klar oppfatning om at samfunnet – og særleg ungdommen – måtte vernast. Kamp mot paragraf §213 og revisjonsforslaga knytt til §379 blei ei hovudsak for DNF-48, både fordi organisasjonen ville fjerne straffetrugselen generelt, og fordi dei ville unngå innskrenkingane endringsforslaget til §379 innebar. Dei føreslåtte endringane av paragrafen blei ikkje vedtatt, og lova blei ståande uendra.
DNF-48 førte lenge ein diskret kamp mot §213, ofte med lesarinnlegg i aviser under pseudonym. Dette var motivert ut frå at organisasjonen ikkje ville «provosere» fram vidare debattar om skjerping av paragrafane, samt at menna i forbundet var redde for straff ved openheit. Då Karen-Christine (Kim) Friele overtok som leiar av DNF-48 signaliserte det ei meir open og offensiv linje i organisasjonen kampen mot §213. Sidan §213 ikkje kriminaliserte kvinner, fylte Kim Friele rolla som den første opne homofile i Noreg, og er for mange synonymt med homobevegelsen.
Stortingsrepresentant Arne Kielland fremja i 1970 ein interpellasjon for å fjerne §213. Ein viktig bakgrunn for interpellasjonen var DNF-48 sitt hefte «§213 – Onde eller nødvendighet, utgitt i 1970, og Kiellands samtaler med Kim Friele. I heftet hadde DNF-48 samla ei lang rekke ekspertar innanfor områder som jus og psykiatri, der ein argumenterte mot §213 og for betre sosiale forhold for den homofile minoriteten. Revisjonsforslaget frå 1953 utgjorde eit viktig premiss for debatten om avkriminalisering på Stortinget. Det var usikkert om §213 ville bli fjerna i sin heilskap, eller om paragrafen ville bli fjerna med visse særreglar ståande att, som til dømes høgare seksuell lågalder for homoseksualitet.
Kommentarer (2)
skrev Christer Dynna
Fremstår ikke så klart om §379 regulerte samliv for alle, eller gjaldt bare for likekjønnede.
Og formuleringen «regulerer kjønn og seksualitet» er muligens noe vid: for regulerte man kjønn, og ikke kjønnslig omgang – altså sex – med lov? Seksualitet samme.
svarte Reidar Schei Jessen
Hei og takk for melding.
Jeg har presisert innledningsvis at paragraf 379 reguelrte samliv mellom personer av ulikt kjønn. Se også artikkelen om konkubinat som det lenkes til.
Jeg vurderer det slik at formuleringen "regulerer kjønn og seksualitet" er treffende. Den er muligens noe vid, men dette viser til den historiske prosessen der begrepene kjønn og seksualitet har vært innvevd i hverandre, og vanskelig kan forstås separat.
Mvh
Reidar Schei Jessen
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.