Artikkelstart
Austblokka, østblokken, er eit omgrep frå den kalde krigens dagar. Det vart brukt om Sovjetunionen og landa i Aust-Europa som var kontrollerte av Sovjetunionen. Uttrykket austblokka, og motstykket vestblokka, oppstod som følgje av den todelinga av Europa som utvikla seg etter andre verdskrigen.
Sovjetunionen festa meir og meir grepet om dei austeuropeiske statane, som alle fekk eit kommunistisk styresett og stod tidleg fram som ei konsolidert blokk saman med den kommunistiske supermakta.
Omgrepet austblokka vart brukt i norske aviser så tidleg som i 1946.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.