Margaret er eit kvinnenamn som er engelsk form av Margareta som går tilbake til eit gresk namn som kjem av ordet margarites med tydinga ‘perle’. Dette ordet er opphavleg lånt frå persisk.
Namnet har fleire variantar: Margaret, Margareth.

Eit utval personar med namnet Margaret, og som er omtalt i Store norske leksikon:
I 2022 var det 982 kvinner i Noreg som hadde Margaret som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Av dei som heitte Margaret i perioden 1900–2017, var det 60 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Margaret. Dette inneber at 40 prosent hadde Margaret som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Dei fleste engelske kvinnenamna (inklusive namna på -y) var mest populære i perioden 1915–1924. Dette gjeld også den engelske stavemåten Margareth. Forma Margaret var derimot mest vanleg på eit seinare tidspunkt (1950–1954). Sidan år 1900 har Margaret og Margareth vore bruk omtrent like mykje.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.