Margareth er eit kvinnenamn som er engelsk form av Margareta som går tilbake til eit gresk namn som kjem av ordet margarites med tydinga ‘perle’. Dette ordet er opphavleg lånt frå persisk.
Namnet har fleire variantar: Margaret, Margareth.

Eksempel på ein person med namnet Margareth som er omtalt i Store norske leksikon:
I 2022 var det 991 kvinner i Noreg som hadde Margareth som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Av dei som heitte Margareth i perioden 1900–2017, var det 65 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Margareth. Dette inneber at 35 prosent hadde Margareth som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Dei fleste engelske kvinnenamna (inklusive namna på -y) var mest populære i perioden 1915–1924. Dette gjeld også den engelske stavemåten Margareth. Stavevarianten Margaret var derimot mest vanleg på eit seinare tidspunkt (1950–1954). Sidan år 1900 har Margaret og Margareth vore bruk omtrent like mykje.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.