Margaret Berger er ein norsk popsongar som gjorde det bra i Eurovision Song Contest i 2013.
Ho vaks opp på Hitra i Trøndelag og var først kjend som deltakar i fjernsynsserien Idol på TV2 i 2004, der ho kom på andreplass. Same år debuterte ho med albumet Chameleon. Med låta Lifetime Guarantee frå dette albumet vann ho Spellemannprisen for årets beste musikkvideo.
I 2006 ga Berger ut albumet Pretty Scary, Silver Fairy, der låtane Samantha og Will You Remember Me Tomorrow? er dei mest kjende. I 2013 vann Margaret Berger ein klar siger i Melodi Grand Prix med låta Feed You My Love. Den kom på fjerdeplass i Eurovision Song Contest i Malmö. Låta nådde også fjerdeplass på VG-lista, der ho låg tre veker i februar 2013.
Ho har engasjert seg i Tempo, ein interesseorganisasjon som arbeider for å styrke det rytmiske musikkmiljøet i Midt-Norge.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.