Faktaboks

Magnus Ulleland

Magnus Gustav Ulleland

Fødd
10. september 1929, Svanøybukt, Flora
Død
7. mars 2016, Oslo

Magnus Ulleland var ein norsk professor i romansk filologi, ordboksforfattar og gjendiktar. Han var med og bygde opp italiensk som universitetsfag i Noreg og omsette italienske klassikarar til nynorsk.

Bakgrunn

Magnus Gustav Ulleland var fødd i Svanøybukt i Flora (no Kinn) i Sogn og Fjordane (no Vestland) og døydde i Oslo. Ulleland finansierte gymnasutdanninga si sjølv og tok examen artium som privatist våren 1948. Om hausten same året byrja han ved det nyskipa Universitetet i Bergen.

Ved Universitetet i Oslo tok han magistergraden i romansk filologi i 1957 og vart straks tilsett som universitetslektor i italiensk. Han var den første nordmannen i ei universitetsstilling i dette faget. Frå 1967 til 1974 var han dosent i romansk filologi ved Universitetet i Oslo, frå 1974 til 1996 professor.

Språkarbeidet

Saman med Augosto Traversa gav Ulleland i 1959 ut den første italiensk-norske ordboka. I 1966 gav han ut Italiensk grammatikk, som kom i ny utgåve i 1981. I 1989 kom så norsk-italiensk ordbok, utarbeidd saman med Diana Haakonsen.

I forskinga si var han særleg oppteken av eldre italiensk. Han skreiv òg om retoromansk, eit av språka i Sveits. Italienske kollegaer heidra han i 2011 med eit utval av forskingsartiklane hans i boka Studi di italiano antico.

I samband med 70-årsdagen i 1999 gav Klassisk og romansk institutt ved Universitetet i Oslo ut eit festskrift, Møte med strilestaden. Boka er ei samling minne og ettertankar om barndom, ungdom og dei første studieåra i Bergen, skriftfesta av Ulleland på nynorsk.

Omsetjing og gjendikting

Ulleland merkte seg òg ut som omsetjar og gjendiktar. Han omsette til nynorsk Giovanni Boccaccios Dekameronen (1969–1971), Niccolò Machiavellis Alrunen (1971), Benvenuto Cellinis Livssoga mi (1974–1975), Dante Alighieris Den guddommelege komedie (1993–1996) og Alessandro Manzonis Dei trulovade (2001).

Utmerkingar

Ulleland vart vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1982 og vart i 1999 heidra med den italienske ordenen Grande Ufficiale Ordine al Merito della Repubblica Italiana. I 1998 fekk han Det skjønnlitterære oversetterfonds pris.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Dante Alighieri: Den guddommelege komedie. Til norsk ved Magnus Ulleland. Oslo 2000
  • Giovanni Boccaccio: Dekameronen I–III. Til norsk ved Magnus Ulleland. Oslo 1996
  • Unn Falkeid: «Minnetale over professor Magnus Ulleland», Årbok 2016, Det Norske Videnskaps-Akademi. Oslo 2016
  • Magnus Ulleland og Diana Haakonsen: Italiensk blå ordbok. Italiensk-norsk, norsk-italiensk. Oslo 2006
  • Magnus Ulleland: Giovanni Boccaccio – humanist og sogeforteljar. Oslo 1972
  • Magnus Ulleland: Italiensk grammatikk. Oslo 1981

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg